Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Eldhus med røyk frå taket

Eldhuset på Bråvoll

Baking av Krotakaker til sommarbasaren

11. og 12. juni blir det bakedagar i eldhuset på Bråvoll. Sommarbasaren vert laurdag 15. juni.

.

Basaren er hovudinntektskjelda til Kinsarvik bygdekvinnelag. Her får me inn pengar som me kan gje til gode tiltak i bygda, og drift av laget.

Eldhussteikte Krotakaker er populære både som gevinstar og til å kjøpa. I fjor vart dei kakene me hadde til sals etter basaren, rivne bort på eit blunk.

Skal det bli kaker, så må det bakast. Dette er den største dugnadsinnsatsen i laget.

Me bakar to dagar, frå kl. 8 - 20 kvar dag. Me deler inn i tre lag: 8-12, 12 - 16 og 16 - 20. I tillegg treng me nokon som lagar deig, både tysdag og onsdag. Deigen må knodast opp onsdag morgon og det må fyrast i krotakakeomnen frå kl.7. Me har fått mange med, men treng framleis nokre fleire.

Me deler inn arbeidsoppgåvene i fire stasjonar: laga emne, kjevla ut, krota, og steikja.

Har du lyst å vera med på trivelege og arbeidssame dagar i godt lag, kan du kontakta Tonje tlf. 90881332, eller Tonjem83@hotmail.com

Alle som har meldt seg på, får liste over bakarane og nærare informasjon.

 

,