- Veit du kva ein NPL-ar er? Det er dei som går Noreg På Langs…
Anne er ei av dei som set seg mål og gjennomfører. Ho likar utfordringar, er nysgjerrig, likar å treffe folk, men trivst òg aleine. Med ein ryggsekk som er nesten like stor som ho sjølv og minst 20 kg, har ho tilbakelagd utrulege 2800km med 3,7 millionar steg - frå Nordkapp og Knivskjellodden til Lindesnes. Slik har Anne skapt si eiga historie.
Anne Elisabeth Omnes er ei bestemor litt utanom det vanlege. Ho er busett i Morgedal, jobbar i Brunkeberg Oppvekstsenter, har fire vaksne barn og er sambuar med Bjørn. Vi møtte ho på Skare Gard i Morgedal i Telemark der Morgedal Bygdekvinnelag hadde invitert til tapas-spleiselag med Annes tur som tema. Med foredraget ynskte Anne å inspirere andre til å gjere noko dei hadde lyst til – ikkje nødvendigvis det same som ho har gjort. Det gjer noko med ein når ein har set seg eit mål, lever ut ein draum, møter problem som utfordringar og opplever kjensle av meistring når målet er nådd. Det gir sjølvtillit, og ein blir godt kjend med seg sjølv.
Til fots Nordkapp - Lindesnes
I 2010 sykla ho Noreg på langs. I 2011 starta turen 26. juni ved Nordkapp - til fots. Turen var nøye planlagd. Det første vi tenkte på var kor mykje ho trena før ein slik tur. Sjølv sa ho at ho gjekk ein del tur utan at ho rekna det som trening. Det viktigaste var at ho kjende seg frisk og i vanleg god turform. Sekken vart pakka så lett som mogleg og vart likevel på ca. 20 kg. Der hadde ho alt ho trong til overnatting, matstell, klede og diverse. Ho hadde kart og kompass, telefon og GPS. Ho hadde ikkje så mykje nytte av desse hjelpemidla sidan ho ikkje kunne særleg mykje om bruk av kart og kompass. GPS fungerte best ved vegane og hadde ikkje alltid dekning. Det same galdt telefonen. Det var difor godt med Turistforeininga sine merka stigar. Med seg i sekken hadde ho mat og utstyr til ca. 10 dagar. Då kom ho til eit depot som ho hadde sendt til dei ulike stadene nedover heile ruta. Heimen hennar på turen var eit lite tomannstelt, og nokre stader passa det med ei DNT-hytte eller andre hytter. Ho møtte òg mykje trivelege folk som inviterte på kaffi eller ei overnatting i god varm seng då det regna som verst.
Etter nokre dagar i Finnmark saman med sambuar, mykje molter og mygg, starta ho på Nordkalottruta. Det er ei godt merka turiststig som går frå Kautokeino gjennom Finland og Sverige, gjennom Dividalen i Troms til Sulitjelma og vidare til Hattfjelldal i Nordland. På eit stort undervisningskart følgde elevane ved oppvekstsenteret med og teikna inn ruta til Anne under heile turen. Dette kartet fekk Anne i gåve frå skulen då ho kom heim.
Møte med folk
Det er ikkje så viktig for ho å fortelje i detalj frå alle stadene ho var innom. Viktigare er det å formidle opplevingane. Ho hadde møtt mykje folk undervegs, både fastbuande, vanlege turgåarar og andre NPL-arar. Difor blei det ikkje så mykje einsemd og filosofering som ho hadde tenkt då ho planla turen. Det var stadig noko som skjedde i løpet av ein dag. Ho fekk stadig spørsmål på turen frå folk ho møtte. Ho hadde merkt seg at menn og kvinner ofte stilte ulike spørsmål. Menn spurde om veret og om ho ikkje vart sliten. Kvinner var meir interessert i kva det betydde for ho å møte nye folk og om ho ikkje var redd nokon gong.
Ver og føre
Veret veksla på turen frå godt sommarver i Finnmark i juni til regn, sludd og snø etter kvart som ho kom sørover og sommaren gjekk over i haust. Då ho kom sør for Trondheim, var nokre av Turistforeiningshyttene i ferd med å stenge, hengebruer vart tekne inn og elvene store og vanskelege å krysse. Nokre av planane måtte difor endrast undervegs.
Ho hadde utruleg lange dagsetappar, ca.4 mil om dagen, nokre gonger lenger. Ho starta ved åttetida med havregryn eller graut til frukost. Så var det å rive teltet og pakke sekken. Turmaten undervegs var nøtter, energibar, mårpølse og vatn frå bekkar. Etterkvart skapte ho seg rutinar, men det vart aldri kjedeleg. Ho tenkte etappar, ho såg hindringar og fann løysingar og opplevde at ting la seg til rette. Etter kvart såg ho at desse etappane vart ein heil tur. Kvar dag gjekk ho i 10-12 timar eller til det vart mørkt. Så måtte det skrivast dagbok. Klart ho vart sliten etter ein dags vandring, men ikkje verre enn at ho gledde seg til å ta fatt på neste etappe dagen etter, sjølv om det kunne vere ei utfordring å ta på seg dei våte støvlane att. Og ho sa ikkje nei takk til sekkeskyss når ho fekk tilbod om det. Då var det kjekt med integrert liten tursekk i den store sekken.
Det skumlaste
Om ho var redd nokre gonger, undra vi. Ho tenkte på bjørn og andre villdyr, men møtte ingen. Det hjelpte å synge litt, - Bjørnen sover…. Det skumlaste var då ho var i Jotunheimen i Peer Gynts rike og skulle frå Memurubu over Bukkelegret. Det var vått og sleipt, med tung sekk og ingen andre turistar sidan turistsesongen var over. Ho hadde berre seg sjølv og ein kjetting då ho hekk over det stupbratte svaet. Då ynskte ho at ho hadde hatt ein turkamerat. Men gleda var desto større då ho var vel nede ved Gjendebu og kunne slå opp teltet utanfor ei stengd DNT-hytte. Det var heller ikkje lett å finne Turistforeiningen sine T-ar i snøveret etter kvart som ho kom sørover. Mørkredd hadde ho vore tidlegare, men teke tak i redsla og begynt å gå i mørket, så det var ho ferdig med før ho la ut på NPL-turen.
Under vegs
Kva så med det menneskelege aspektet? Kva skjer med og i ei dame som går aleine i nærare fire månader? Her kjem engasjementet til Anne tydeleg fram i det ho fortel. Ho har vore inspirert av filosofien til Lars Monsen og turane hans. Det å vere i nærkontakt med sansane og vere tilstades her og no, der og då. Det gir ro når ein er så lenge på tur. Å gå - det går sakte og ein opplever heilt andre ting enn frå eit sykkelsete eller i forbifarten med bil. Ein ser verdien i det enkle og det å vere i ein samanheng. Det å ha tid til å stoppe opp i møte med folk, gir noko ekstra. Anne møtte folk med eit ope sinn og det gav ho mykje varme og omsorg tilbake, ikkje bare i Finnmark, men på heile turen. Det var til og med dei som ringde etter nokre dagar og lurte på om det gjekk bra med ho. Ekstra stas var det heilt overraskande å møte morgedølar i Trøndelag og treffe mor og familie. ”Er det noko du ynskjer deg som vi kan ta med?” – spør mor. Anne fekk eit stort raudt eple. Dei enkle tinga betydde mykje.
Kva no?
Så - 11.oktober 2011 kl. 19 nådde Anne målet; - Lindesnes fyr. Ho sette seg eit mål og gjennomførte. Med det har ho skapt si eiga historie. Sekken er tømd for utstyr og fylt til randen med opplevingar. Kva no Anne? Etter ein slik tur tar det litt tid å komme inn i vanleg rutine att. Kanskje nye idear, planar og mål er under arbeid. Ho har vist for seg sjølv og til inspirasjon for oss andre, at mykje er mogleg – og takk for det.
Tekst: Sidsel Magnus Evja
Foto: Sidsel Magnus Evja og Kristin Råmunddal
Noreg på langs har eigen nettstad der du kan lese meir - Norge på langs
Les også på Morgedal Bygdekvinnelag og Vest-Telemark Blad






