Conny Dal frå Nannestad i Akershus! Arbeidsarvenprosjektet og Norges Bygdekvinnelag gratulerar og takkar for levande skildring av eit kvinneliv! Som påskjønning får Conny Dal no invitasjon til å vere med Bygdekvinnelagets seminar til København 15. – 17. oktober. Det kom inn mange bidrag etter at Bygdekvinnelaget og prosjektet Arbeidsarven i 2007 inviterte medlemmar til å sende inn minne frå arbeidslivet. Les Conny Dal si skildring her. Les kva Bygdekvinnelaget sine medlemmar sendte inn her.
Takk til alle som tok seg tid til å dokumentere kvinnehistorie!
Arbeidsarven er ein nettstad for alle som meiner det er viktig og interessant å vete noko om det arbeidet folk har fylt liva sine med. Ingar Kaldal er prosjektleiar.
I grunngjevinga for at Conny Dals bidrag vart vald, står det m.a.: Conny Dal har sendt inn 24 handskrivne sider om sitt arbeidsliv. Del 1 handlar om oppvekst og barndom på eit småbruk i 1930-åra, og del 2 om livet som bondekone på ein middels stor gard på Romerike. Teksten er full av gode og konkrete skildringar av arbeid og daglegliv. I konsentrert og kortfatta form får ho fram kvardagen sine vanlege og uvanlege hendingar og gjeremål på ein levande måte. Dette er ein forbilledleg måte å fortelje på om arbeid og daglegliv.
I Bygdekvinner nr. 4 med tema Kvinneliv kjem det meir om Conny Dal og skildringa hennar.
Arbeidslag på Dal.
Conny og Steinar Dal som gullbrudepar



