Bjerkreim Bygdekvinnelag opna bygda
Bjerkreimbygda har hjarta på rett stad, og Bjerkreim Bygdekvinnelag inviterte alle som hadde flytta til bygda dei siste tre åra til samvær og suppe. Det vart ein flott kveld!
- Bjerkreimbygda har hjarta på rett stad, men dei kjem ikkje inn i stova di og hentar deg. Du må ta steget ut sjølv, vert det sagt. Bygdekvinnelaget sitt fine vaffelkort vart bruka som invitasjon, og kortet fungerte som gratis inngangsbillett for dei nyinnflytte.
- Kvelden kom og me var veldig spente; ville dei nyinnflytte og bygdefolk elles koma?
Optimismen var stor, og me hadde dekka på til 180 personar så det blei god plass til dei 100 som kom. Av desse var 20 spesielt inviterte. Om ikkje alle plassane var fylte opp, hadde me det triveleg me som var til stades og lytta til alle dei gode innlegga, fortel leiar Olaug Nevland. – Det var herleg å sjå to unge damer frå Brasil som møttes for første gong. Dei smila dei sendte kvarandre varma oss alle. Ein mann frå Polen sa; ”Eg kjem igjen”. Det er det me håpar at fleire vil gjera.
På programmet stod Humørbonden Geir Styve, Norges Bygdekvinnelags leiar Kathrine Kleveland, ordførar Marthon Skårland, Arne Geir Larsen frå Sparebank1 SR-bank og det var musikalske innslag v/Marion og Monika Asheim.
Det vart søkt Folkeregisteret om løyve til å få ut adresselister på personar over 18 år som framleis bur i bygda. Bjerkreim kommune v/ordføraren underteikna søknaden saman med leiaren i Bjerkreim Bkl. Bjerkreim kommune betala rekninga på kr 3.000 for lista frå Folkeregisteret og 155 adresseslipper. Sparebank1 SR-bank ga støtte på kr. 15.000 til kvelden.
Neste prosjekt er å halda matkurs for dei barnehagetilsette i bygdas tre barnehagar, ca. 60 personar. Ernæringskonsulent Margit Vea vil læra dei matlaging frå botnen av. BBK ser på dette òg som ei gåve til heile bygda.




