Hopp til hovedinnhold

Bli med på NM i graut

10. september er det duka for den aller fyrste Noregsmeisterskapen i grautkoking. Det skjer på Seljord. Meld deg på i dag.

Norges Bygdekvinnelag skal vera med på å arrangere NM og har difor dukka ned i eige oppskriftsarkiv og kikka på det store mangfaldet av grautoppskrifter som finst i Noreg. Frå kokeboka «Den gode smaken» utgitt av Møre og Romsdal Bygdekvinnelag, finn me dette historiske tilbakeblikket med ei deilig oppskrift på slåttegraut (rømmegraut) frå Nordmøre:

«Frå gammalt av var det ein fest verdig å ha berga avlinga i hus. Til meir fôr ein hadde, til fleire dyr kunne ein fø over vinteren. Når avlinga var i hus, skulle det gjerast stas på folka som hadde vore med. Mat og drikke måtte sjølvsagt vere av det edlaste som dyra ga, nemleg fløyten på mjølka som vart syrna til rømme som det vart kokt rømmegraut av. Mange stader var det slik at kvar slåttekar skulle ha kvar si kumme med graut. Storleiken på kummen var avhengig av kor lenge dei hadde delteke i slåtten».

Oppskrift

1 l rømme (gjerne utgått på dato)

6 dl kveitemjøl

1 l mjølk

2 ss sukker 1 ½ ts salt

Kok rømmen i om lag 15 minutt, eller til du ser små feittstjerner. Ta kjelen til side, dryss på 4 dl kveitemjøl og kok vidare. Då kjem rømmefeittet ut. Ta av feittet i en liten kjele. Dryss på resten av kveitemjølet. Varm mjølka. Spe rømmen forsiktig med varm mjølk under omrøring. Ha i sukker og salt. Server grauten med sukker og kanel til. Til drikke høver saft eller mjølk. Spekemat og flatbrød gjer seg attåt.

Ellbjørg Reiten  (Halsa Bygdekvinnelag)

Graut og velling er av dei mest tradisjonsrike rettane i norsk matkultur, og har historisk vore ein viktig rett både i fattige kår og på festbordet. Dei siste åra har graut vorte trendy, og me skal ikkje lengre enn til København for å finne ein eigen grautbar, eller til Skottland der det i fleire år har vorte arrangert verdsmeisterskap i grautkoking. 10. september i år er det tid for den aller fyrste Noregsmeisterskapen i graut. Det skjer på Dyrsku’n i Seljord. Det er framleis plass til fleire deltakarar, så har du lyst til å konkurrere med di favorittoppskrift så kan du melde deg på her.