05.05.08 Arbeidsarven - minne om kvinnene sitt arbeid
Arbeidsarven er ein dugnad for å ta vare på minne om bygdekvinnene sitt arbeid. Norges Bygdekvinnelag skreiv om prosjektet Arbeidsarven i NBK-nytt nr 4/07. Prosjektleiar Ingar Kaldal har fått mange innspel fra NBK-medlemmar, og mange har kontakta han og sagt at dei er i gang med å skrive. Har du ikkje fått starta enda? Det er framleis tid - ta penn og papir fatt eller set deg til datamaskinen! Frist for innsending er utsett til 1. juni 2008.
Bakgrunn
Arbeidsarven er ein dugnad for å gje menneskje kunnskap om arbeidslivet slik det var for berre kort tid sidan. Det som høyrde til gjeremål i dagleglivet er viktig å skrive ned for at det skal bli synleg i historia. Det er bygdekvinner som har levd og arbeidd i siste del av 1900-talet som kan fortelje framtidige generasjonar om kvinnelivet og handbåren kunnskap frå denne tida.
Informasjon finn du på eller ved å kontakte Ingar Kaldal, tlf. 73596435 / 92614701. Minne kan sendast til eller til Arbeidsarven, c/o Ingar Kaldal, Institutt for historie og klassiske fag, NTNU, 7491 Trondheim. Du kan skrive for hand eller på maskin/data. I Bygdekvinner nr. 4 med tema Kvinneliv vil det kome informasjon om det som er sendt inn frå NBK sine medlemmar. Det beste NBK-bidraget vert premiert med gratis reise og opphald på eit av NBK sine seminar/kurs.





Skriv ny kommentar