Ganefart har no fått inn over 1000 tips- like mange som totalt i 2008- om gode serveringsstader frå publikum.
- Dette viser at folk bryr seg om matkvalitet og ynskjer å være med å fremme dei gode råvarene og matrettane me er så stolte av, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.
Ei reise verd
Brekk syns det er fantastisk at så mange reisande i Norge har engasjert seg i Ganefart og oppfordrar folk til å fortsette å tipse om serveringsstader dei er nøgde med.
- Ganefart er ein konkurranse som er med på å gjere Norge til eit betre reisemål. I Norge har vi lange tradisjonar, gode råvarer og maten har gjerne sin heilt spesielle historie. Serveringsstadane langs norske vegar er ein god mulighet til å vise alt dette fram, seier Lars Peder Brekk.
Konkurransen Spis- tips og spis igjen
Posted august 3rd, 2010 by Marieke Mulders

