Kongsvold Fjeldstue på Dovre vart Ganefartvinnar i region 3, Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal. Ein rørt kokk ved fjellstova, Daniel Aundal, fekk æra av å motta prisen under Matfestivalen i Ålesund tidlegare i dag, les vi på Ganefart si heimeside.
- Ganefart har vore ei flott drahjelp for oss, tusen takk for prisen! sa Aundal under prisutdelinga.
Han vart av fjellstovevert ved Kongsvold Fjeldstue Knut J. Nyhus trekt fram som ei av hovudårsakene til Ganefart-seieren.
F.v. Solveig Linge Stakkestad frå Bygdekvinnelaget, Eline Nyhus, fjellstuevert Knut J. Nyhus, kokk Daniel Aundal og styreleiar i Den Norske Matfestivalen Kåre Hanken.
Ein verdig vinnar
Juryleiar for Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal Solveig Linge Stakkestad fortel til Ganefart at sjølv om kvaliteten på serveringsstadane juryen har besøkt jamnt over har vore svært høg, så var det eigentleg aldri tvil om kven vinnaren for regionen måtte bli.
- Prisen gjekk til ein svært velfortent vinnar. Vi fann på denne serveringsstaden det lille ekstra som vi søkte etter. Og vi fann prisvinnaren i sansane sitt rike. Vi fann Moskuspate og Kvannsorbet, Fjellmandel frå Driva og Kongsvoldkjeks. Det heile var ei kulinarisk oppleving basert på fjellet sine lokale råvarer, seier Stakkestad.
Ho legg til at innehavarar Ellen og Knyt Nyhus er ei tradisjonsrik bedrift som har lukkast i å bevare og gjenskape det gamle skysstsasjonmiljøet, og føre det vidare gjennom moderne komfort, god service og ein meny som gjer at ein verkeleg kan kjenne at ein er i sansane sitt rike.
Den Norske Matfestivalen si heimeside
Posted august 28th, 2010 by Marieke Mulders


