Eventyrkveld i skogen
- Arrangere ein eventyrleg kveld og ta store og små med til ”eventyrland”.
- Vise og mimre over eventyr med flotte og kreative utkledningar.
- Samarbeid mellom mange organisasjonar i bygda.
- Skaffe midlar til barneavdelingen på Stavanger Universitetssjukehus
- Dugnadsarbeid i forkant
- Eventyrrundar. Barna var spente og nysgjerrige på kva som venta dei ute i skogen. Blant eventyra i skogen var; ”Snehvit og de syv dvergene”, ”Bukkene Bruse”, ”Rødhette og Ulven”, ”Hakkebakkeskogen”, ”Den syvende far i huset”, ”Kaptein Sabeltann” og ”Gullhår og de tre bjørnene”.
- Luskande i skogen var også to av dei gode hjelparane til Askeladden og heksa som delte ut grøn graut.
- Populære blant barna var også skogstrolla Rønnaug og Pitter. Ekstra stas for ungane var det då Rønnaug og Pitter tulla med barna og det vart litt knall og fall.
- Då gruppene hadde gått gjennom eventyrløypa, var det sal av pølser, lappar og kaffi. Alle barna fekk gratis sjokolademjølk sponsa av Tine.
Arrangørane v/ Astrid Salte Wiig seier det slik:
Det var mange flotte og kreative utkledningar blant figurane. Nokre eventyr var skumlare enn andre, og det var nok nokre av dei minste som blei litt overraska og ”skremt” over dei forskjellige eventyrfigurane.
Det såg ut som om både store og små koste seg, og alle saman var nok i litt eventyrland. Før var det tradisjon at foreldra fortalte barna eventyr om kveldane. No i dag er dette blitt mindre vanleg, og derfor var det nok ein del vaksne som fekk mimra litt ifrå gode, gamle norske eventyr.
Me i styret er veldig fornøydde med oppmøtet. Har i ettertid kome fram til at det kom cirka 600-700 folk.
Me vil takka alle som deltok på dette arrangementet. Spesielt takk til alle som var utkledde som eventyrfigurar, damene som steikte lappar og kokte kakao, mennene som hadde ansvaret for grilling, parkeringsvaktene, Jan Inge Wiig som filma, Karianne Horpestad som tok bilete og alle frivillige som har deltatt for at dette skulle bli ein vellykka kveld. Vil også rette ein stor takk til Klepp Sparebank og Tine som sponsa oss. Utan dokke hadde det ikkje blitt noko eventyrskog. Tusen takk!
Arrangementet var vellykka og skal definitivt gjentas. Det går allereie rykte om endå fleire og nye eventyr neste år. Me i styret har også sett på forbetringar som kan gjerast til neste gong det skal arrangerast. Blant desse er at me vil ha meir liv og røra inne i hålå.
Snipp, snapp, snut så var denne eventyrskogen også ute!
Astrid Salte Wiig
Les på Eventyr i Vikhålå
Arrangementet var vellykka og skal definitivt gjentas. Det går allereie rykte om endå fleire og nye eventyr neste år. Me i styret har også sett på forbetringar som kan gjerast til neste gong det skal arrangerast. Blant desse er at me vil ha meir liv og røra inne i hålå.



