Bygdekvinnelaget

- en moderne møteplass

Du er her

Song og musikk - eit universelt språk

- På nokre av møta inviterar vi innvandra kvinner. Fader Jakob er ein song som mange kan, både på norsk og andre språk. Dette er ein veldig kjekk sak å bruka på internasjonale tiltak i laget, skriv Anne Margrethe Myhre i Sand Bygdekvinnelag, Rogaland.

Hjelp oss å bedømme dette forslaget:

Din vurdering: Ingen Snitt: 1 (1 vote)
Målsettingen er å: 
  • - Å synge saman i internasjonal samanheng
  • - Fellesskap om ein song som mange kan på mange språk
  • - Bli kjent med kvarandre - kvinner som har flytta til Noreg og dei som bur her
  • - Få bakgrunnskunnskap om ulike land og ulike bakgrunnar og kulturar
Innhold: 
  • - Ei eller fleire innflytte/innvandra kvinner frå eit anna land blir invitert til møte i laget
  • - Presentere seg sjølve og landet sitt med ord, evt. bilete, eventyrbøker m.m.
  • - Fortelje om korleis det var å veksa opp i det landet, endringar som har skjedd gjennom åra og kva dei saknar frå heimlandet sitt.
  • - Fortelje om korleis dei opplevde å koma til Noreg første gong.

Nokre av dei synest det er greitt å snakka om kvifor dei måtte reisa frå landet sitt, andre synest det kan vera vanskeleg, og det må me respektera.

Tips og råd: 

Det er ein fordel å velja nokon som pratar relativt bra norsk for å få skikkeleg utbytte av møtet.

Syng i veg på det språket du kan! Fader Jakob på mange språk er vedlagt – klar til utskriving og kopiering.

VedleggStørrelse
fader_jakob_pa_alle_sprak.pdf222.41 KB