Bygdekvinnelaget

- en moderne møteplass

Du er her

Velkommen til bygda!

Velkommen til Bjerkreim!

Alle som hadde flytta til bygda i løpet av dei siste tre åra fekk tilsendt ”vaffelkort” med invitasjon til suppe og samvær frå Bjerkreim Bygdekvinnelag. Dei som kom opplevde ein flott kveld med variert program. Og nokon møtte ”kjente” frå heimlandet!

Hjelp oss å bedømme dette forslaget:

Din vurdering: Ingen Snitt: 8 (1 vote)
Målsettingen er å: 
  • Bjerkreim Bygdekvinnelag ønska å invitera alle som hadde flytta til bygda dei siste tre åra til samvær og suppe.
  • Invitasjon til nye i bygda om å ta steget ut: Bjerkreimbygda har hjarta på rett stad, men dei kjem ikkje inn i stova di og hentar deg. Du må ta steget ut sjølv.
Innhold: 
  • Planlegging og forarbeid: Søkje Folkeregisteret om løyve til å få ut adresselister på personar over 18 år som framleis bur i bygda, såkalla vaska adresseliste. Bjerkreim kommune v/ordføraren underteikna søknaden saman med leiaren i Bjerkreim Bkl.
  • Bygdekvinnelaget sitt fine vaffelkort vart påklistra adresseslippar og brukt som invitasjon til ”Med hjarte på rette staden” onsdag 26. oktober 2011 kl. 19.00. Kortet fungerte som gratis inngangsbillett for dei nyinnflytte.
  • Pynte salen, dekke bord og koke suppe.
  • Program for kvelden: - Humørbonden Geir Styve - Norges Bygdekvinnelags flotte leiar Kathrine Kleveland - Ordførar Marthon Skårland - Arne Geir Larsen frå Sparebank1 SR-bank (Banken ga støtte på kr. 15.000 til kvelden) - Musikalske innslag v/Marion og Monika Asheim.

Kvelden kom og me var veldig spente; ville dei nyinnflytte og bygdefolk elles koma? Optimismen var stor, me hadde dekka på til 180 personar så det blei god plass til dei 100 som kom. Av desse var 20 spesielt inviterte . Om ikkje alle plassane var fylte opp, hadde me det triveleg me som var til stades og lytta til alle dei gode innlegga.

Herleg å sjå to unge damer frå Brasil som møttes for første gong. Dei smila dei sendte kvarandre varma oss alle. Ein mann frå Polen sa; ”Eg kjem igjen”. Det er det me håpar at fleire vil gjera. Som det blei sagt; Bjerkreimbygda har hjarta på rett stad, men dei kjem ikkje inn i stova di og hentar deg. Du må ta steget ut sjølv.

Tips og råd: 

At ordføraren signerte søknaden om å få ut adresser gjorde nok det positive utslaget til at søknaden gjekk gjennom.
Bjerkreim kommune betala rekninga på kr 3.000 for lista frå Folkeregisteret og 155 adresseslipper.

SRBanken ga støtte på kr. 15.000 til kvelden.

Adresseslippane var bare kjørt ut med namnet på den eldste personen på ei adresse. Me burde nok ha saumfart listene og skreve på namna på fleire personar på same adresse. Ei kvinne var skuffa fordi ho ikkje var invitert.

Neste prosjekt er å halda matkurs for dei barnehagetilsette i bygdas tre barnehagar, ca. 60 personar. Ernæringskonsulent Margit Vea vil læra dei matlaging frå botnen av. Bjerkreim Bkl ser på dette óg som ei gåve til heile bygda.

Flere bilder (klikk for større)