Hopp til hovedinnhold

Kven skal ha fridom?

I dagens utgåve av Klassekampen kan du lese om kvifor Bygdekvinnelaget meiner Regjeringa sitt mål om valfridom hemmar likestillinga.

I den nye likestillingsmeldinga skil regjeringa mellom likestilling og familiepolitikk ved å annonsere ei eiga familiemelding. Det vitnar om at den ikkje skjøner påverknaden eigne familiepolitiske tiltak har på likestillingsarbeidet. Regjeringa reduserte i 2014 fedrekvota frå 14 til 10 veker, og introduserte forslag om ei utvida unntaksordning for å overføre permisjonstida frå den eine forelderen til den andre.

Valfridom og tillit til familien, sa regjeringa om unntaksordninga. Eit tilbakeskritt for likestillinga, seier vi.

Familiar flest prioriterer at den som har høgast løn og mest ansvar på jobben tek ut minst permisjon. I mange tilfelle er dette framleis mannen. Konsekvensen er at kvinnene i større grad tilpassar arbeidstida og brukar meir tid heime. Det gjer kvinna til den store taparen, med svakare knyting til arbeidslivet, dårlegare moglegheiter for karriere, samt dårlegare løns- og pensjonsvilkår. Forslaget til utvida unntaksordning er med på å skape ein ny generasjon kvinnelege minstepensjonistar.

Regjeringa seier at den er oppteken av at foreldra skal være likestilte som omsorgspersonar. Når far er heime med barnet det første året, tek han ein større del av ansvaret i heimen når borna vert eldre. Og når kvinner og menn fordeler oppgåvene i heimen likt, aukar det kvinna sine moglegheiter for karriere og leiande posisjonar. Fedrekvoten handlar difor om kvinner sin fridom til å velje utdanning og karriere, og menn sin fridom til å velje å ta del i omsorgsarbeidet, utan harde forhandlingar med arbeidsgivarar.

Ferske tal frå Nav syner likevel at resultatet av færre veker til far er at menn tek ut mindre pappaperm. Kuttet i fedrekvota bidreg difor i realiteten mest til å skyve enno fleire unge menn opp og fram i arbeidslivet. Regjeringa sitt forslag til utvida unntaksordning vil berre forsterke dette.

Fedrekvoten er eit av dei sterkaste likestillingspolitiske verkemidla vi har, og barne- og likestillingsminister Solveig Horne veit godt at eit samla arbeidsliv meiner at foreldrepengeordninga er viktig for eit meir likestilt arbeidsliv. Ordninga har hatt svært positiv effekt på yrkesdeltakinga til kvinner i Noreg, og burde ha vore eit sentralt verkemiddel i regjeringa sitt forslag til ny familie- og likestillingspolitikk.

Irene Furulund, leiar i Bygdekvinnelaget sitt kvinnepolitiske utval
Anna Villa, prosjektleiar i Bygda i bevegelse
Astrid Seime, organisasjonsrådgjevar i Bygdekvinnelaget