Denne kvelden stod i havren sitt teikn og var ei markering av havreåret i Norges bygdekvinnelag. Me møttest hjå Lise Laa for litt informasjon og - ikkje minst - ein smak på gode havreprodukt.
Me steikte vaflar etter vinnaroppskrifta frå Øygarden bygdekvinnelag på Gol. Her er den:
HAVREVAFLAR (35 porsjonar)
5 dl havregryn
10 dl vatn og 2 dl mjølk
1 ts salt
8 egg
5 dl kulturmjølk
2 ts vaniljesukker
4 ts bakepulver
1 dl smelta smør
6 ss sukker
10 dl kveitemjøl (ca)
Slik gjer du:
1. Lag havregraut av havregryn, vatn, mjølk og salt. Sett grauten til avkjøling.
2. Bland havregraut, samanvispa egg og dei andre ingrediensane i ei stor bakebolle.
Røra kan me fordel stå over natta og held seg lite lenge som mjølk i kjøleskap.
3. Steik vaflane i vaffeljern og avkjøl på rist. Viss røra er for tjukk for steiking kan ein sette til litt mjølk eller vatn.


