Vi vart invitert med på konsert på Ål fyrste sundag i advent. Dette vart ein heidundrande førjulskonsert med Aasmund Nordstoga og Abilsø spelemannslag. Skarvebarna frå Hovet var med på delar av konserten. Det vart ei fin førjulsstemning for oss som fekk vera med. Så køyrde me i lag, og adventskomitéen tok i mot oss hjå Ann Kristin i Mogrenda til kosleg adventskaffi. Her vart det servert deilege ost/skinke horn, nydelege kaker og kaffi. Tusen takk til Ann Kristin, Aud, og Borgny som stelte til så fin adventssamling for laget. Julenissen kom også. Utlodning, nesten som julekvelden... Så vart det spørsmål etter oppskrift:
IS/OSTEKAKE 3 egg 2 dl sukker 1 gourmet naturell (125 g) 3 dl fløyte 10 havrekjeks Bixit Eggekvite og sukker stivpiskast. Stivpisk fløyte. Rør plommer og ost saman. Bland så alt saman. Knus kjeksen. Rund form 22 cm. Strø halvparten av kjeksen på fat med kakeformringen rundt, fyll i massen og strø resten av kjeksen på toppen. Set kaka i fryseren. Lykke til !
im





