Den 4. november fekk bygdekvinnelaga i Hol ein forespørsel frå sjukeheimen Cathinka Guldberg-senteret, Lovisenberg i Oslo. Mange av dei ansatte der er utanlandske som jobbar i eldreomsorga. Dei, 15 stk, skulle på personalseminar på Dr.Holms hotell, Geilo, og tok kontakt med lokale bygdekvinnelag i håp om å få til eit treff. Dei ville gjerne få formidla og bli kjent med norske jule-/høgtidstradisjonar, både når det gjaldt kultur og mat.
Nokre bygdekvinner ”snakka saman”, og me fekk til eit koseleg treff på Hamarsbøen 10. nov. mellom kl. 15 og 17. Frå Dagali stilte Bibbi og Gerd. Frå Kvisla stilte Åse Liv, Wendy og Rigmor. Frå Hovet stilte Brit og Liv. Frå Hol stilte Berit.
På Hamarsbøen var det pynta så koseleg, langbord med julefarger og julestemning. Den lokale nissen var òg på plass, med toradaren. Me serverte kaffi/te, rømmebrød og lefsekling frå Søsses gardsbakeri i Hovet,. Vi fortalde litt om lokale juletradisjonar i Hallingdal, om mat og kultur. Gjestene våre fekk òg prøve å lage julekorger og lenker i julepapir. Eit vellukka treff for alle.
Helsing Berit



