Anne Nedremyr, Åshild Nerol Åmot og Ragna Nestegard.
Æresmedlemmar:
Desse tre har vore med sidan laget vart starta i 1957. Dei har opp gjennom åra gjort ein stor innsats for laget. Dei vart utnemnt til æresmedlemmar på 50-års jubileumet vårt i 2007. Her saman med leiar i 2007, Inger Margrethe Medhus.
I jubileumsåret var vi 28 medlemmar. Her er 18 samla til fest.
Historie:
Hol Bygdekvinnelag.
Historisk tilbakeblikk 1957-2007
50 års jubileum 8.mars 2007 v/ Inger Margrethe Medhus
Eit samadrag av historisk tilbakeblikk skreve av Anne Nedremyr til 40-årsjubileet.
Hol Bondekvinnelag vart starta 29. januar i 1957. Møtet var på Nedremyr og den fyrste leiaren var Anne Nedremyr. Åshild Nerol var også med i det fyrste styret for laget. Ragna Nestegard kom med berre eit par år etter. 9 medlemmar var starten i laget.
Ei av dei fyrste sakene som vart teke opp var spørsmål om fjøsrøktervikar. Det var jo mest kvinnfolka på gardane som stod for fjøsstellet den gongen, og dei uttalde at det nok kunne vore godt å sleppe fjøset ein gong i blant. Buskerud bondekvinnelag dreiv med sumarstemner etter krigen og utover i 60-åra. Desse gjekk på omgang i fylket. Dei samla mykje folk. Me hadde eit stemne på Bygdahall i lag med Kvisla og Hovet. Stemnet var kring jonsok i ’58, og det var veldig varmt, men småmaten gjekk unna likevel skriv Anne. Gjennom ei årrekke har laget vårt bidratt med diverse til felles gode for bygda vår.
Her vil eg nemne: Skulefane til Holet skule, vimplar til både Høgehaug og Stensheim, båreteppe til Høgehaug, utstillingsmonter på Høgehaug (der det vert skifta på med utstillingar av gamle leiker, skulemateriell, klede eller husgeråd av ymse slag). Vi har støtta Hol menighetshus med nye gardiner og duker og anna. I 1974 gjekk me saman med Kvisla Bondekvinnelag og Hol Husmorlag og fekk sydd ny altarduk til Hol kyrkje som hadde 50 års jubileum. (også to blomstervaser og adventskrans frå desse tre laga). Kristin Bakken sydde altarduken til Hol Kyrkje. Hol Bondekvinnelag fekk laga fleire plakat-tavlar frå Kleivi til Dupedalen.
Dette tykte bondekvinnelaget var naudsynt då det ikkje var høvelege plassar å hengje opp opplysningsplakatar.
Bondekvinnelaget gjorde ein del Registreringsarbeid: I frå ”Institutt for sammenliknende kulturforsking” fekk me i oppdrag, gjennom fylkeslaget å registrere opplysning om ”kyrkjekoner”, ”tiargrend”, ”storfamilie”, ”barselmat”, ”fosterbarn” og ”samtalelag”. Vi hadde også eit år registrering av ”rygger”, vonde som gode.
I kulturåret 1975, hadde me registrering av gamle stølsbui og stølsgrender saman med jordstyret og dei andre bondekvinnelaga i kommunen. Registrering av gamle stadnamn må også nemnast.
Elles har vi fått i gang kurs av ulike slag:
Kvitsaum og saum av ovadeld, band og stakkekurs. Stakkedokkekurs. Hettekurs, vev, saum, hekle og tegarbeid. Bakstekurs av ymse slag har vi hatt. Kurs for folk som ville ta førarkort. Studiekurs og leseringar. Strikkekafé.
Me har teke del i hjelpearbeid utanom vår eiga vesle bygd også……Internasjonalt arbeid. Me har støtta brunnboring i Kenya og me har hatt eit fadderbarn gjennom Kirkensnødhjelp. I siste 10-års periode har me støtta kvinner i Senegal, slik at dei kan kome i gang med arbeid og tene sine eigne peng. Nesten kvart år sidan starten har me hatt ein tur. Somme gongar i nærområde, andre gonger lenger avstad. Me må nemne at me kvar haust gjerne har ein stølstur, vi besøker stølane til medlemmane i laget vårt. Riktig trivlege turar... Som fast program gjennnom eit år har me kyrkjekaffi etter Olsokmesse. Me er til Høgehaug kvar haust i november med litt program og kaffiservering. Kosleg å sjå og svalle med kjentfolk som bur på Høgehaug. Dei siste åra har vi hatt servering, sal av mat og kaffi på Holsdagen. Medlemstalet har aldri vore høgt. Det ligg på kring 15 skriv Anne Nedremyr i 1997. Nesten alle medlemmar har hatt styreverv og leiarverv. Dei tre siste åra har me ikkje hatt leiar skriv dei i 1997. Det var skrivar som tok imot brev og ordna kontorarbeid.
Inger Margrethe Medhus skriv vidare for dei 10 siste åra fram mot 50års jubileet:
Så har ting ordna seg……….Me skriv 2007 . Laget har endra seg noko, men me prøver å halde på gamle tradisjonar samstundes som me fornyar oss……..
For eit par år sidan (på årsmøtet i 2005) skifta me namn til Hol Bygdekvinnelag.
Vi har fått mange nye medlemmar og i jubileumsåret har vi 26 medlemmar. Det er så triveleg, og her er godt fordelt i alder. Vi har med oss dei godt vaksne på over åtti, dei yngste er i tjueåra.
Leiarvervet går på omgang, ein treng ikkje sitja meir enn eit år i gongen. Det er alltid ei liste over dei neste som tek eit år. (Kan godt sitja lenger…….) Arbeidsoppgåver vert godt fordelt. Vi har vanlege medlemsmøter ein gong i månaden, og då er det ei gruppe på tre som har ansvaret for alt (bestemmer dag, dato, tema, hus og mat). Det er lett å vera leiar i eit lag der alle deler så godt på oppgåvene. Før i tida var nok møta alltid heime hjå medlemmane. Heilt frå starten var det møter på føremiddagen. Det seier seg sjølv når bondekvinnene mykje hadde fjøset morgon og kveld. Dagen gjekk når det var møte, vi tenkjer kanskje ikkje over at dei gjekk til kvarandre. Det var ikkje berre å smette seg i ein bil….. Tida endra seg og fleire kvinner tok arbeid utom garden. Det vart kveldsmøter. No tel me så mange medlemmar at me som oftast har møta på pensjonatet eller grendahus, men heimemøte er også framleis aktuelle. Laget har bra økonomi, vi har hatt fleire arrangement siste åra som har gitt oss litt i kassa. Vi starta jubileumsfeiringa vår då vi spanderte kulturkveld på medlemmane våre på Ål kulturhus like før jul. Det er jo ein av tradisjonane våre det, ut å eta ein gong i året, finne nye spennande stader….. Til slutt vil eg sitere Leiaren i NBK, Tove Ødeskaug: Det er nødvendig at vi fornyer både aktivitet og møteform. Det skal vi gjøre uten å miste vår identitet og vårt verdigrunnlag. Inger Margrethe
Styret i jubileumsåret:
Inger Margrethe Medhus (leiar)
Astri Haraldseide (nestleiar)
Kari Gunhild Nedremyr (skrivar)
Ann Kristin Breie (kasserar)
Aasgjerd Nestegard (styremedlem)
Elisabeth Haugen (studieleiar)
I 2008 sydde vi oss forkle. Sjå kor fine vi er:
Frå bakekurs oktober 2008.
Frå servering på Holsdagen august 2008.
Leiarar: (Her kjem det oppdateringar......)
1957-xxxx: Anne Nedremyr
2004 : Tone Søndrål
2005 : Svanhild Kvammen
2006 : Liv Berit Haugen
2005-2007: Inger Margrethe Medhus
2008 : Ann kristin Breie
2009-10 : Astri Haraldseide
2011: Randi Jorde
2012: Aasgjerd Nestegaard
