mars 2012
Hei alle lokallag i Hordaland
Tida for årsmøtet vårt nærmar seg. Håpar dei fleste laga har utsendingar dette året!! Ei helg på Ullensvang Hotell er det vel ingen som vil la gå frå seg?
Me i fylkesstyre har jobba mykje i det siste. Fyrst Inspirasjonsdag i Bergen, så direkte over på årsmøteplanlegging. Her kjem litt papir de treng til årsmøtet.
Ta papira og årsmeldinga med på møtet.
Me i fylkesstyret har laga ei sak me har lyst å ta opp på årsmøtet. Det har fleire år vore snakk om at årsmøtet vårt varer for lenge, og at det er dyrt for mange lag å senda utsendingar.
Me har eit langt årsmøte i forhold til dei fleste andre fylke, men avstandane er jo veldig ulike. Offentleg kommunikasjon er det ofte dårleg med i helgene, så det er ikkje berre enkelt å få til å korte ned møtet.
På siste styremøtet vårt diskuterte me kva me skulle gjera med dette.
No har me laga tre ulike forslag , som de skal vera med å stemma over på årsmøtet.
Me sender dette ut i lag med årsmøtepapira, slik at de skal få anledning til å ta dette opp med medlemmane i lokallaget dekans, før de kjem på møte. Vert det fleirtal for eit alternativ , prøver me dette til neste år. Viss meiningane er veldig ulike let me det gå som no eit år til, så får de lenger tid å tenkje på. Alternativa kjem på eige ark.
Når det gjeld matstafetten er me så vidt i gang. Fana og Fitjar er fyrst ut. Me i fylkesstyret prøver å ta kvar si veke, så Bente og Rigmor tek over stafettpinnen etter dei.
De har vel alle tenkt ut nokre gamle gode oppskrifter de vil dela med oss, helst med eit bilete. .Håpar dei fleste har nokon i laget eller nærmiljøet som kan hjelpa dei å leggje inn oppskrifta og biletet. Det er ein grei framgangsmåte beskriven. Rigmor Vikane frå Stord er vår kontaktperson i fylket , så er de heilt i beit sender de det til ho. Men det vert veldig mykje arbeid skal ho leggja inn for alle.
Dei laga som ikkje har høyrt noko frå oss før årsmøte, får ein lappe hjå Rigmor der, om kva veke de har ansvar for å sende inn oppskrifter. Stafetten varer til 28 februar 2013 så nokon har bedre tid enn andre. Lukke til!!!
Ganefart har eit nytt konsept dette året. Trur det kan føre til meir deltaking når me kjem i gang tidlegare på året, og påmeldinga er over før sommarferien. Alle bedriftene som er påmelde skal få besøk av nokon frå bygdekvinnelaget for å smake på maten dette året. Derfor treng me nok litt hjelp frå lokallaga til den delen. Me i fylkestyret tek kontakt med dekan. De får dekka for måltidet gjennom NBK. Bruk korta de har fenge frå NBK og del ut til serveringsstader i nærmiljøet. Oppfordre dei til å melde seg på i konkuransen. Det er ikkje de som skal bestemme kven som kan melde seg på. Alle er ikkje vinnarkandidatar, men kanskje det kan vera med å gje bedrifta eit løft , når dei får ei tilbakemelding ettterpå av dei som har vore på besøk. Kan jo og vera ein peikepinne for bedrifta når dei ser kor mange av gjestene som stemmer på dei etter at dei er påmelde. Håpar alle lokallaga deler ut minst alle korta de har fått tilsendt.
Ellers håpar me på eit aktivt årsmøte. Tenk over på førehand om det er noko de har lyst å ta opp. Me i fylkesstyret og arrangørlaga gler oss til å ta i mot dekan. Me må alle gjera vårt beste for at me skal få nokre trivelege vårdagar i lag dette året og.
ME SNAKKAST PÅ ULLENSVANG!!
Helsing
Liv Spilde og resten av fylkesstyret
Forslag til ny struktur på årsmøta i
Hordaland Bygdekvinnelag
Forslag nr 1: Årsmøtehelga er som i dag frå fredag til søndag.
Forslag nr 2 Me startar med årsmøtefesten fredag kl 20.00.
Sjølve årsmøtet startar laurdagsmorgon kl 09.00.
Årsmøtet går som no, og me avsluttar kl 17.00.
Etter det er det heimreise.
Forslag nr 3 Årsmøtet startar laurdag kl 11.00
Dette varer fram til 17.00
Kl 19.00 byrjar årsmøtefesten.
Sundagen tek me dei sakene me ikkje nådde på
laurdagen. Avsluttar med lunsj kl 13.00
Dette er forslaga me i fylkesstyret har kome fram til. Me er åpne for innspel, men det vert desse me stemmer over i år. Kjem det inn mange nye innpel tek me det oppatt seinare.
Det er jo og eit spørsmål om me skal ha årsmøtefest med bunad, eller me berre skal ha festmiddag med sosialt samver. Det vert kanskje litt mindre arbeid på arrangørlaga viss det ikkje skal vera så mykje underhaldning + mindre arbeid på årsmøteutsendingane viss dei slepp å ta med bunaden.
Begge dei nye alternativa går utover kyrkjegangen sundagen. Er det ynskjeleg eller er det nok me vil halda på?
Noko må endrast på , og noko må det gå utover , viss me skal få til eit billegare og kortare årsmøte.
Eller kanskje dei fleste vil ha det slik som i dag at dei tek årsmøtehelga som ein liten husmorferie om våren?
Vert spennande å sjå resultatet av avstemminga.
Hei alle lokallag i Hordaland
Grove 11.10.11
Så er hausten alt komen dette året og. Sommaren går alltid for fort. I år er det vel mange som lurar på om det har vore sommar i det heile. Me får håpa me har ein fin vinter i vente.
Me i fylkesstyret er i full gang med planlegging av det komande halvåret. Ein gjeng av oss var til Kristiansand på Inspirasjonsseminar med NBK (sjå heimesida). Me kom heim fulle av inspirasjon, så no vil me prøva å dela det med fleire. Det fyrste me skal ha for oss i fylket vårt, er regionmøte i region Folgefonn. Skare Bygdekvinnelag skal vera vertar denne gongen. Me har stor tru på at det vert like kjekt som det brukar å vera på regionmøta våre.
I februar planlegg me inspirasjonssamling for alle laga i fylket på Hotel Terminus i Bergen. Datoen er 4 februar så kryss denne av i kalendaren alt no. Ingrid Grene Henriksen frå NBK,som no er prosjektleiar for Bygdekvinnelaget åpner bygda, kjem å fortel oss om prosjektet. De som ikkje fekk anledning til å reisa til Kristiansand på Inspirasjonsseminar får no ein ny sjanse. Kanskje ho kan gje dekan ein ide om noko de kan starte opp med i lokallaget. Me driv og å jobbar med eit sprekt innslag på slutten av den dagen, så de kan berre byrja å gle dekan. Dette skal vera ein dag for alle som ynkjer det i lokallaga, så me håpar de kjem mannsterke frå dei fleste laga.De må gjerne ta med dekan nokon utanfor laget og. Det kjem nærmare innbydelse etter jol.
Kanskje nokon av lokallaga alt er i gang med å planlegga noko i forbindelse med Bygdekvinnelaget åpner bygda. Viss de har bruk for idear eller hjelp før februar ,er det mykje hjelp å få på heimesida til NBK. Der finn de blant anna dei flotte vaffelkorta som er veldig fine til å bruka til invitasjonar. Der er tips om kvar de kan søkje om midlar til å lage ulike tilstellingar. De kan og få idear frå ting som andre har gjort i denne samanhengen
Fleire lag har kontakta oss og spurt om det er meir igjenn av dei flotte HBK t-skjortene som me hadde laga til siste årsmøtet vårt. Dei var så populære at me vart tomme kort tid etter årsmøte. Mange synes det kan vera kjekt med like t – skjorte når dei skal stå på standar og liknande. Me vart derfor einige i fylkesstyret, om at me kan prøva å laga fleire til neste årsmøte viss interessa er der. Men denne gongen vil me ha bestilling på forhånd. Ta det opp i lokallaget no, og gje beskjed til regionkontakten dekans viss dette er av interesse. Viss mange nok ynskjer det tek me opp bestilling etter jol.
Eg sender og ved eit ark der me oppmodar dekan om å kjøpa norske eple. Kopier opp dette og heng det opp i nærbutikken. Kanskje de kan gjera plakaten endå finare med litt fargelegging. Me veit at det er dårleg med norsk frukt i år, så då er det ekstra viktig at me passar på at det ikkje forsvinn heilt ut av butikkhyllene.
Årsmøta står for døra i alle lokallaga. I den samanheng vil eg minne dekan på dette året og, kvar de skal senda rapportskjemaet Dei siste året ha det vore mykje rot med dette. Eg tok det opp i årsmøtetalen min på Vossestrand, så eg håpar fleire kan hugsa det no. Me i fylket vil ha eit eksemplar av rapportskjemaet, og det skal sendast til meg:
LIV SPILDE , BJØRGAVEGEN 110, 5700 VOSS.
Ver så snill å ikkje send det til Stend eller Bjørndalsgate dette året. Det vert veldig mykje unødvendig ekstraarbeid av det, og nokon når ikkje fram i det heile. Fristen er 1 desember. .. Når det gjeld kontigenten så skal heile summen sendast til NBK. Me i fylket får vår del tilbake frå dei i samla sum i etterkant. Er det nokon som ynskjer besøk av oss i fylkesstyre på årsmøte eller eit anna møte så må de ta kontakt. Me kjem gjerne på besøk.
Lukke til med haustens aktivitetar og årsmøta dekans. Me er veldig glade viss de sender inn til heimesida vår om ting som skjer i lokallaga. Kanskje det nye styret bør avbildast og kome på heimesida? Elles er me glade for alt de vil senda til oss. Då kan me bruka det i årsmeldinga seinare , så treng de ikkje senda inn då. I forrige brev oppmoda eg dekan om å sende minst ei sak pr lag pr år til heimesida. Er det nokon som har dårleg samvittigheit eller?
Helsing
Hordaland Bygdekvinnelag v Liv Spilde
