Hordaland Bygdekvinnelag er eit fylkeslag under Norges Bygdekvinnelag. I 2009 har fylkeslaget 872 medlemmer fordelt på 37 lokallag.
Rapportar frå lokallaa vitnar om stor aktivitet, Tema for medlemsmøta er svært variert og vi nemner som eksempel: Tradisjonsmat, sildakveld, baking med skuleklassar, bygdekafe, besøk av invandrarar, refelksologi, reisereportasjar, urer og nyttevekstar, kunstgalleri, symjekurs, pilfelttingskurs, bunadskurs, lappeteknikk, vevstove, film etc.
Vi ynskjer at Bygdekvinnelaget skal vera ein moderne møteplass for kvinner både i bygd og by. Arbeider for trivsel i eige lokalmiljø er sentralt.
For ytterligare informasjon om Hordaland Bygdekvinnelag kontakt fylkeskontoret (adresse annan stad på nettsida), og bruk nettsida til å lesa om aktiviteten i laget.
Vi ynskjer nye medlemmer hjarteleg velkommen !
