Bygdekvinnelaget

- en moderne møteplass

Du er her

         Referat frå styremøte i HBK på Stend 23.februar 2012.

 

Frammøte:    Liv Spilde,Anny Sandvin,Rigmor Vikane,Brynhild Tennebekk Bjørke,

                       Bente Eide,Eli Totland, Else Helleland.

                        Turid B. Njåstad (HB)

 

SAK 11/12:    Innkalling og saksliste vart godkjendt.

 

SAK 12/12:    Referat frå styremøte 23.januar – 12 vart godkjendt.

 

SAK 13/12:                            Evaluering av Inspirasjonsdagen vår – 4.februar.

 

            Konklusjon på dagen: Når alt kjem til alt, so samarbeider styret i HBK ganske bra

            etterkvart.

            Men det skulle ha vore høgtalaranlegg/ mikrofon slik at alle kunne ha høyrt kva som

            vart sagt. Det var ein del som ikkje høyrde noko som helst. Dei ein har snakka med  i

            ettertid, let vel over seminaret. Gode attendemeldingar.

            Lokalet og forelesarane var bra. Seminaret gjekk med overskot.

            HBK styret sender ein rapport / overslag til Fylkeskommunen, so dei ser kva

            pengestøtta deira gjekk til. Likeeins sender me takkekort ( NBK – kort) til

            sponsorane.

 

SAK 14/12:                            Årsmeldinga vår v/Bente E.

 

                        Bente E. gjekk igjennom årsmeldinga på data`en sin. Det er ein del arbeid å få

                        dette til. Ho vil senda årsmeldinga på e -post til oss andre i styret, so me får lest

                        gjennom den og gje kommentarar. (den skal i trykken på Stend

                        måndag 27.februar)

                        Det vert trykt opp 140 årsmeldingar.

                        Pakkemøte på Stend – onsdag 7.mars kl.11.00.

                        Dei som møter: Liv Sp., Else H., Eli T., og Anny S.

                        Eli T. ordnar med mat til dagen.

 

 

SAK 15/12:                           Årsmøtet vårt (23. – 25. mars)

 

                        Anny S. melder på HBK – styret til årsmøtet og ein frå valnemnda. Likeeins

                        æresmedlemmet Magnhild Grinde. (har fått for øyro, at ho ikkje vil koma i år.)

                        og ordstyrar på årsmøte, Anna Torhild Blikberg.

                        Rigmor V. lagar til ein Bygdekvinne – quiz 2012.

                        Vervepremie til Myrkdalen b.kv.l. (7 nye) og Omvikdalen b.kv.l.(5 nye).

                        Laga får eit flagg i påskjøning.

                        HBK – styret fremjar ei sak til årsmøte: ”Ny struktur på Årsmøte”. Liv

                        lagar til tre forslag, som ho sender ut til lokallaga før årsmøte, so laga kan

                        diskutera dette på førehand.

                        Dei som kan i styret møter kl.17. fredag 23.mars på hotellet for å laga til

                         møtelokalet til årsmøte.

                        Styremøte på Ullensvang hotell kl 20.00 fredag 23.mars. Margunn Nedrebø

                        vert med oss på dette møtet.

 

 

 

SAK 16/12:                           Arbeidsplan 2012.

 

                        Styret gjekk igjennom arbeidsplanen for året 2011 – 2012.

                        Me endra på prioritering/rekkjefylgje av nokre arbeidsoppgåver,

                        og la til nokon. Sjå eige ark.

 

SAK 17/12:                           Budsjett 2012 v/Anny S.

 

            Me gjekk igjennom  budsjettet – sjå eige ark.

            Det kom fram eit forslag om å oppretta eit ”fond” eller liknande av renteinntektene ein

            får, som lokallaga kan søkja på, for å få støtte til ulike prosjekt dei driv med. Det vart

            diskusjon ikring korleis pengane skulle nyttast, utan at det vart nokon endeleg

            konklusjon. Det vart sagt at styret tek oppatt forslaget til diskusjon etter årsmøte 2012.

            Styret skal då koma fram til nokre kriteriar, for å søkja på evt. eit fond.

 

SAK 18/12:                           Matstafetten v/Rigmor V.

 

            Den Nasjonale matstafetten varer frå 1.mars 2012 – til 28.februar 2013.

Rigmor V., som er vår fylkeskontakt har sett opp/fordelt vekene på alle lokallaga, som viser kor tid dei skal delta i stafetten.  B.kv.l. Fitjar og Fana har ”stafettpinnen” før årsmøte, so Rigmor og Bente tek kontakt med dei laga.

            No er det ikkje nok lokallag i fylket til å dekkja alle vekene i eit år, so dei som er

tilovers skal styremedlemmene i HBK ta seg av. Fyrst ute er Bente og Rigmor….

            Rigmor V. informerer om stafetten under sak ”open post” på årsmøte. Ho lagar til

            lappar med vekenummer på, ei nettadresse og kontaktperson til lokallaga, som vert

            delt ut.

            Det kom opp eit spørsmål om ein får veta om oppskriftene vert sendt inn?!

 

 

SAK 19/12:                            Tinging av HBK  t – skjorter v/ Brynhild T. B.

 

                        Det har kome inn tinging av 57 t – skjorter. Det er 7 b.kv.l. som har tinga.

                        Kanskje Øystese b.kv.l. og vil ha nokon, men dei har ikkje kome med noko

                        tal enno. HBK tingar og nokre (13) so eg tar kontakt med Hardanger Silketrykk

                       og ordnar tinginga.

 

 

SAK 20/12:                           Ymse

 

                        I år er det ny Ganefart. Det vert samling for kontaktpersonar i Oslo

                        laurdag 21.april 2012. Det passar ikkje for nokon som sit att i HBK styret

                        etter årsmøtet, men me vonar at nokon av dei nye i styret tek ansvar.

                        Bente E. stiller som reserve.

 

                        Bente E. stiller på årsmøte til Folkeakademiet i Bergen onsdag 28.mars.

 

                        Liv S. og Brynhild T.B. har vore på årsmøte til HBU på Voss, laurdag

                        18.februar. Ingeborg Rødberg tok attval som leiar.

                                               Ymse forts.

                       

                        Rigmor V. har vore på årsmøte til 4H Hordaland sundag 19.februar på

                        Kokstad.

                        Leiar Bård Longva Byrkjenes, tok attval som leiar.

 

 

Pakking av årsmelding på Stend onsdag 7.mars kl. 11.00.

 

                       

Styremøte på Ullensvang hotel, fredag 23.mars kl. 20.00 før Årsmøte.

 

                            Skrivar                Brynhild

...........................................................................................................................................................................

 

 

 

                            Referat frå styremøte i HBK på Stend 23.januar 2012.

 

 

 

            Frammøte:    Liv Spilde,Anny Sandvin,Rigmor Vikane,Brynhild Tennebekk Bjørke

 

                                  Eli Totland, Else Helleland.

 

            Revisorar:      Sissel Bjelland og Jorunn Holsen.

 

 

 

            Forfall:          Bente Eide, Turid B. Njåstad (HB) og HBU

 

 

 

 

 

            SAK 1/12:      Innkalling og saksliste vart godkjendt.

 

 

 

            SAK 2/12:      Referat frå styremøte på Høyden 7.des.- 11 vart godkjendt.

 

 

 

            SAK 3/12:      Inspirasjonsdagen vår i Bergen 4.februar – 12. Har me kontroll?

 

 

 

                        Då fristen for påmelding var ute, var det totalt 81 bygdekvinner påmeldt!

 

                        Me vart samde om at so mange som kan i styret møter kl. 09:00 på Bergen

 

                        Storsenter.

 

                        Styremedlemmene stiller i HBK  T – skjortene  på møtet.

 

                        Styret diskuterte om Liv Jorunn Solstad skal få  ei helsing/ treugle i gåve for

 

innlegget sitt.(ho får betaling i tillegg).

 

                        Ingrid G. Henriksen får  ei treugle for at ho kjem frå NBK.

 

                        Ifrå den økonomiske sida er det no Ullensvang kommune som ikkje har gjeve

 

                        støtte som dei har lova. Liv S. skal purra på denne.

 

                        Hordaland fylkeskommune har pålagt  HBK å bruka logoen deira på seminaret,

 

                        sidan dei gjev oss bra med støtte.

 

 

 

            SAK 4/12:                  Årsmeldinga 2011.

 

 

 

                        Sidan Bente E. vart hindra i å koma på styremøte, fekk me ikkje veta kor langt

 

                        ho er komen med årsmeldinga. Men førebels er fristen ute for annonsemalar,

 

                        og det er dårleg respons hittil. Anny S. og tilskiparlaga til årsmøte purrar på

 

                        annosørane sine.

 

                        Bente E. har fått fram og bakside til årsmeldinga.

 

                        Rekneskapen er ok. Likeeins helsing frå styret, og arbeid i fylkestyret.

 

                        Hordaland bondelag vil trykkja årsmeldinga vår.

 

 

 

            SAK 5/12:                  Årsmøtet vårt v/ Liv S. og Anny S.  

 

 

 

                        Anny S. og Liv S. sender ut invitasjon til årsmøte. Anny S. seier at so langt er

 

                        det meste på plass. Det manglar annonsar.

 

                        HBK – styret gjev tre gevinstar til loddsalet under årsmøte.

 

                        Agnete Sivertsen og Therese Rykkje Aalvik deler på årsmøteforedraget.

 

                        Gjensidige har fått telefon om dei vil koma på årsmøte, det er dei positive

 

                        til. Dei får ca. 15 minutt taletid, og vil snakka om  trygg familie.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

            SAK 6/12:                  Val i NBK v/ Brynhild T. B.

 

 

 

                        Me har fått brev ifrå valnemnda, der dei ynskjer forslag på kandidatar til ulike

 

                        verv og svar på fem spørsmål tilknytta valet. Svarfrist 10.februar. Spørsmåla

 

                        vart diskutert og Brynhild T. B. sender eit samla svar. I etterkant har me fått

 

                        veta at regionkontakten vår (Margunn Nedrebø) ikkje ynskjer attval, noko

 

me ikkje fekk snakka om på styremøte.

 

 

 

            SAK 7/12:                  Oppsummering av telefonrunden i lokallaga.

 

 

 

                        Det var meir positiv respons på telefonrunden denne gongen. Lokallag som

 

                        har få medlemmar og ”dårleg ” økonomi syns det er dyrt å reisa på fylkes –

 

                        årsmøtet vårt. Dei fleste let vel over matstafetten som skal koma i gang dette

 

                        året.

 

           

 

            Sak 8 om arbeidsplan 2012 og Sak 9 om budsjett 2012 gjekk ut pga dårleg tid.

 

 

 

            Sak 10/12:                  Ymse

 

                       

 

 

 

                        Revisorane godkjende rekneskapen til kasserar Anny S.

 

 

 

                        Det har kome inn nokre tingingar på T – skjorter. Brynhild tek kontakt med

 

                        Hardanger  Silketrykk om dei vil laga desse t -  skjortene påny.

 

 

 

                        Monika Blikås frå programmet ” naturens verden” (NRK p1) ringde  Liv S. og

 

                        ynskte eit intervju om rotgrønsaker, som er satsingsområde til NBK i 2012.

 

                        Liv ringde leiaren i NBK, Kathrine Kleveland, fekk nokre tips/fakta om dette.

 

                        So midt i styremøte, kom Monika  til Stend, og fekk Liv, Rigmor og Brynhild

 

                        ut på trappa og fekk eit intervju om temaet som vert sendt  sundag 29.januar i

 

                        radioen mellom kl. 09 – 10.

 

 

 

 

 

 

 

Neste styremøte i HBK vert  torsdag 23.februar – 12 på Stend kl 16.

 

 

 

                   Skrivar                      Brynhild

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

 

 

 

 Referat ifrå styremøte i HBK på Stend 22.august 2011.

 

 

 

Frammøte:  Liv Spilde,Rigmor Vikane,Anny Sandvin,Brynhild Tennebekk Bjørke,

                    Eli Totland,Bente Eide, Else Helleland.

                     Turid B. Njåstad( HB)

Forfall:        Ingeborg Rødberg (HBU)

 

SAK 39/11    Innkalling og saksliste vart godkjendt.

 

SAK 40/11    Referat ifrå styremøte 5.mai på Stend vart godkjendt.

 

SAK 41/11    Statusrapport etter tlf.runde i lokallaga, våren 2011.

 

                        Samla sett so var lokallaga glade for ein telefon ifrå styremedlemmene i HBK.

            Nokre var ugod på samtalen, men for ein del var det nok ein nyttig telefon. Det er liten

            respons på å reisa til Kristiansand på inspirasjonsseminar i september. Det er viljen og

            lysta det står på. Bente fekk via telefonsamtale med Osterøy invitasjon til eit

            medlemsmøte i november, det var kjekt!

            Aktiviteten i lokallaga er varierande, men alle driv med noko.

            Konklusjon på denne telefonrunden, er at me vil forsetja med telefonkontakten to

            gonger i året. Eingong på hausten, når laga er komne i gang med møta sine, og

            før påmeldingsfristen til fylkesårsmøte i februar.

            Stoff til heimesida til HBK er det lite med. Kva skal me gjera med dette? Hugs at          inga hending er for liten å koma med!

 

 

SAK 42/11       Inspirasjonsseminaret i Kristiansand

 

            På styremøte vårt er det fire styremedlemmar som reiser. Liv Sp. Rigmor V.

            Anny S. og Brynhild T. B. (evt. nokre fleire)

            NBK betalar sjølve seminaret. HBK betalar overnatting.

 Reisekostnader dekkjer me sjølve.

 

 

SAK 43/11     Regionmøte til hausten (region Folgefonn el. Sunnhordaland?)

 

            Det vart semje om at region Folgefonn lagar til regionmøte i haust.

            Anny S. høyrer med Skare b. kv. l om dei vil laga dette til. Me fann ut at 22.oktober  

var ein passande dato, men i ettertid er det framlegg om laurdag 15.oktober.

            Sunnhordaland får skipa til regionmøte i februar 2012.

 

 

 

SAK 44/11       Økonomi v/Anny S.

 

            Pr.22.aug. – 11:  Brukskonto – saldo                   13.938,- kr.

                                      Høgrentekonto                         323.571,- kr.

På brukskonto vert det minus 6000,- kr i tillegg som dekkjer overnattingar for                  styremedlemmar på seminaret i Kristiansand.

 

 

Salsvarer i HBK: kasseraren får ikkje tala  på handlenetta til å stemma med  inntekta

                             på dei. Det er 6 handlenett ”som er på tur”. Styremedlemmene

                                       sjekkar om dei har nett i heimen.

 

            Ord – og utrykk boka vår har gjeve oss 133.200,- kr. i nettoinntekt.

 

            Kalendar inntekter:                                        124.210,- kr

            Trykkjeri – utgifter(for kalendaren)                 72.500,- kr

            Overskot - kalendar                                          31.710,- kr

 

            Åsane bo.kv.l. skuldar pengar for 23 kalendarar

            Bulken bo.kv.l. skuldar pengar for 20 kalendarar

            Kasserar har sendt faktura og purrebrev til desse to laga.

 

 

SAK 45/11                 Ymse

 

            Møteplan – hausten 2011:   Torsdag 29.september – på Stend

                                                             Laurdag 15.oktober – regionmøte i Skare/Odda(?)

                                                            Onsdag 30.november – jolamøte i Bergen. Bente E.

                                                            ordnar hus til oss.

 

Leiaren sender ut lokallagsbrev etter inpsirasjonsseminaret i Kr.sand, som er

24 – 25.september.

Liv Sp. har delteke på tlf.møte i organisasjonsutvalet i NBK.

 

Nytt om fylkesårsmøte i 2012: det er Børve/Sekse -  og Odda b.kv.l. som er tilskipar av årsmøte. Det er Odda b.kv.l. som skal skaffa festtalar. Dei har litt problem med å få tak i

                        nokon, arbeider med saka.

HBK – styret tenkja på årsmøteforedragshaldar.

 

 

SAK 46/11                 Evaluering av styremøte

 

Me kom igjennom sakslista, den var passe lang. Det vart eit sakleg og greitt møte, der alle fekk snakka.

Me vart ferdig i ”god” tid og ingen måtte springa for å nå  ferje eller buss.

Styret fekk tid til å gjera stas på leiaren som nærma seg 50 år!!

Det var kjekt å få snakka litt romsleg, og verta meir kjende med kvarandre.

Styremøta skal og vera kjekke, ikkje berre alvorspreik.

 

 

 

      Neste styremøte vert torsdag 29.september - 11 på Stend kl. 16.00

 

                   Skrivar                         Brynhild

 

 

 

 

 

  Referat frå styremøte i HBK på Stend 29.september 2011.

 

 

 

Frammøte:     Liv Spilde,Anny Sandvin,Eli Totland,Brynhild Tennebekk Bjørke,

 

                       Bente Eideog Lillian Hovseth (HB)

 

Forfall:          Rigmor Vikane, Else Helleland ogIngeborg Rødberg (HBU)

 

 

 

Sak 47/11       Innkalling og saksliste vart godkjendt.

 

 

 

Sak 48/11       Referat frå styremøte 22.august – 11 på Stend vart godkjendt.

 

 

 

Sak 49/11       Referat frå inspirasjonsseminar med NBK i Kristiansand

 

                        v/Liv, Anny og Brynhild.

 

 

 

            Me var fire frå styret i  HBK som var på seminar i Kristiansand

 

            helga 24. – 25. september.Liv Spilde,Brynhild Tennebekk Bjørke,Anny Sandvin

 

            og Rigmor Vikane.

 

            Me var ca. 160 damer samla til inspirasjon på hotel Dyreparken. Det var kjekt å møta

 

            so mange  bygdekvinner til faglege innspel og mykje drøs rundt gode måltid.

 

            Referat frå seminaret er lagt ut på heimesida til HBK.

 

 

 

Sak 50/11                   Regionmøte i Skare 5.november 2011.

 

 

 

            Skare bygdekv.l. skipar til regionmøte. Dei har leigd ei ”gamlestove” å halda til i.

 

            Det vert kulturelle innslag – informasjon frå HBK – matøkt – laga som høyrer til i

 

            regionen fortel om seg sjølve.

 

            Viktig å få invitasjonen ut til laga so fort som råd og pris.

 

            Vonar det passar for alle i HBK – styret å møta.

 

 

 

Sak 51/11                   Inspirasjonssamling i februar 2012?

 

 

 

            Me snakka om å få Ingrid Grene Henriksen – prosjektansvarleg – for

 

            ”bygdekvinnelaget opnar bygda” til vestlandet. Ho har sagt seg viljug til å koma til

 

            oss, då ein del av midlane som er øyremerkt prosjektet, dekkjer reisekostnader for

 

            henne, slik at ho kan reisa rundt i landet.

 

            Tidspunkt: laurdag  4.februar 2012.

 

            Stad:  Hotel Terminus i Bergen. Klokkeslett 10 – 16.

 

            Anna program: for at bygdekvinnene skal synast dette er inspirerande og vil koma til

 

            Bergen, fekk Liv Sp ein ide fråMargunn Hausoi Ulvik b.kv.l. Ho syns me skal snakka   med Liv Jorunn Solstad frå  TV - programmet ”Førkveld” om ho vil koma til oss.

 

            Me i HBK – styret syns det var ein god ide, og Margunn H. tek ansvaret for at dette

 

            går i boks!

 

 

 

Sak 52/11                   Trykkjing av nye T – skjorter.

 

 

 

            Det er kome førespurnad frå Fitjar b.kv.l. og Øystese bo.kv.l. om me kan skaffa

 

            fleire t – skjorter. Styret har ikkje fleire på lager. Liv  skriv i lokallagsbrevet sitt som

 

            ho skal senda ut i haust, om det er fleire lag som ynskjer t- skjorter. Vert det bra etter -   spurnad, kan me                 vurdera å trykkja eit nytt opplag.

 

 

 

 

 

Sak 53/11                   Kva bør Liv informera om i lokallagsbrevet i haust?

 

 

 

            Ho får spørja om det er ”marked” for fleire t – skjorter. Informasjon om regionmøte i

 

            november i Skare.

 

            Lokallaga treng ei påminning om kor dei skal senda årsmeldinga si.( ikkje til kontoret

 

            på Stend, men til leiaren i HBK. Ps. Skriv retur - adressa tilslutt i brevet!)

 

 

 

Sak 54/11                   Ymse

 

 

 

            Økonomi v/Anny Sandvin:

 

            Hjartesukk om to bygdekv.l. som enno ikkje har gjort opp for boka og kalendaren vår.

 

            Kva gjer me no? Me fann ut at Liv sender med ei ekstra ”purring ” til desse to laga i       lokallagsbrevet sitt,               og skriv mellom anna at me ikkje vil ha dette som tema på fleire

 

            styremøte.(det neste vert då inkasso?!)

 

            Medlemsrapport frå fylket der 791 har betalt kontingent av 814 medlemmar.

 

            På høgrentekonto – saldo – 323.571,-kr.

 

 

 

            På fylkesårsmøte i 2012 i Ullensvang vil styret fremja ei sak om sjølve årsmøte.

 

            1.Framlegg:

 

            Starta årsmøte fredagskvelden kl. 19, med ei uformell sosial samkome med middag.

 

            Sjølve årsmøte vert laurdagen kl 09. – kl.17. (årsmøte slutt)

 

            2.Framlegg:

 

            Fylkesårsmøte som dagmøte – laurdag kl.10 – 17.

 

 

 

            Leiaren sender ein epost til Øystese bo.kv.l. om at HBK fremjar ei sak om endring

 

            av fylkesårsmøte i 2013, sidan det er det lokallaget som  er tilskipar då.

 

 

 

            HBK – styret sender ei blomehelsing til Else Helleland då ho brått mista mannen.

 

 

 

            I matpausen vår hadde me denne gongen og ein jubilant som fyller femti.

 

            So då vart det kake og ei helsing tilBente Eide. Me GRATULERAR!!

 

 

 

           

 

 

 

Neste styremøte/samling vert i Skare på Regionmøte laurdag 5.november 2011. Kl.10.30

 

 

 

 

 

                                      Skrivar                Brynhild

 

 

 

Referat frå styremøte i HBK i Skare 5.november 2011.

 

 

 

Frammøte:Liv Spilde,Rigmor Vikane,Anny Sandvin,Brynhild Tennebekk Bjørke,       

 

                    Eli Totland,Bente Eide, Else Helleland og Turid B. Njåstad (HB)

 

Forfall:       HBU sin representant.

 

 

 

SAK 55/11:    Innkalling og saksliste vart godkjendt.

 

 

 

SAK 56/11:    Referat frå styremøte  på Stend 29.sept. vart godkjendt.

 

 

 

SAK 57/11:    Inspirasjonssamlinga vår i februar 2012.  status/ Liv Spilde

 

 

 

            Det er sendt søknader til to legat, ulike fond, Gjensidigestiftinga, Hordaland

 

            Fylkeskommune, fire bankar og sju kommunar i Hardanger om støtte til denne

 

            samlinga i februar 2012.

 

            Minstepåmelding er tjue personar.

 

            Invitasjonen som vert sendt ut, vert laga avMargunn Hausoog Liv Spilde.

 

            Bindande påmeldingsfrist er 20.desember 2011 tilRigmor VikaneogEli Totland.

 

 

 

SAK 58/11:                Fylkesårsmøte 2012 v/Anny Sandvin

 

 

 

            Sidan sist styremøte har det vore komitemøte  for årsmøte i Ullensvang 2012.

 

            Avtale med hotell Ullensvang er no i orden. Likeeins underhaldninga under fest –

 

            middagen.

 

            Forslag til årsmøteforedragshaldar: Agnete Sivertsen (leiar i Utne museum)

 

                                                                          Arvid Aga – Fotograf

 

                                                                       Kari Varberg – (Friluftsmenneske frå Eidfjord)

 

 

 

SAK 59/11:    Årsmeldinga vår. Kven tek seg av kva.

 

                        Denne saka vart utsett pga dårleg tid.(skulle nå ei ferje heimatt).

 

 

 

SAK 60/11:                Ymse

 

 

 

            Neste styremøte skal vera  onsdag 7.desember i Bergen på Høyden. Det har vorte

 

            tradisjon at HBK har jolamøte sitt der!Klokkeslett 15.30 – 18.30. Då får me mat.

 

            Dei som kan møter på Rica Hotel kl. 14.30, for å sjå på møtelokala til samlinga  me

 

            skal ha i februar 2012. Det er lurt å ha lest igjennom eposten ifrå Ingrid G.Henriksen,

 

            som skal vera me oss på denne samlinga, der det står korleis ho tenkjer seg opplegget

 

            for den laurdagen 4.februar 2012.

 

 

 

            Det var litt uklart korvidt tilskiparane (Skare b.kv.l.) av regionmøte skulle betala for

 

            denne dagen, men kasseraren i HBK fann ei ordning på dette. So det er i orden. Det

 

            er eit ynskje ifrå Skare b.kv.l. om at me i HBK lagar til ein mal/ oppsett på kva som er

 

            utlegg/ inntekter på eit Regionmøte.

 

 

 

            Til neste styremøte må alle i HBK – styret laga til ei reiserekning, so får det pengar

 

            til jol!

 

 

 

Oppmøte neste styremøte Rica hotell onsdag 7.desember kl. 14.30 el. Høyden 15.30.

 

                                                           Skrivar                      Brynhild

 

 

 

 

                       Referat frå styremøte i HBK på Høyden 7.des.2011

 

 

 

Frammøte:      Liv Spilde,Rigmor Vikane,Anny Sandvin,Brynhild Tennebekk Bjørke,

 

                          Eli Totland,Bente Eide, Else Helleland,

 

                          Turid B. Njåstad ( HB)

 

 

 

SAK 61/11:    Innkalling og saksliste vart godkjendt.

 

 

 

SAK 62/11:    Referat frå styremøte i Skare 5.november – 11 vart godkjendt.

 

 

 

SAK 63/11:                Inspirasjonsdagen vår i Bergen 4. februar 2012.

 

 

 

            Økonomisk støtte – positivt svar: Hordaland fylkeskommune: 15.000,-kr.

 

                                          2000,-kr frå kvar kommune: Odda, Eidfjord og Ullensvang.

 

            Negativt svar: Granvin, Kvam og Jondal kommune og ifrå to Vossabankar.

 

 

 

            Eli T. og Rigmor V. kjem før seminaret byrjar og kokar kaffi og deler opp frukt som dei kjøper inn.

            Rigmor V. takkar av for dagen.

 

            Bente E. og Else H. er på seminaret heilt tilslutt.

 

Kakebaking: Bente, Else, Eli, Rigmor og Turid. Bordinndeling med grupper på fem.

 

Eli T. og Rigmor V. oppgjev bankkontonr. til HBK ved påmelding til seminaret, slik at alle har betalt på førehand.

 

Ingrid G. Henriksen får ei HBK – treskål.

 

Seminaret vert gratis for styremedlemmene i HBK og Margunn Hauso.

 

 HBK – styret får ikkje styregodtgjerdsle den dagen.

 

To songar til seminaret ordnar Rigmor V. med.

 

 

 

SAK 64/11:                           Årsmøte i HBK -  mars 2012.

 

 

 

            Anny S. fekk negativt svar hjå Kari Varberg som foredragshaldar på årsmøtet vårt.

 

            Etter litt diskusjon vart  me samde om at Liv Sp. høyrer med Agnete Sivertsen frå

 

            Grimo b.kv.l. og leiaren i Øystese b.kv.l., Therese Rykkje om dei vil vera årsmøte –

 

            foredragshaldarar ilag.

 

            Me snakka og om å få besøk av Gjensidige, som ynskjer å koma på årsmøtet vårt.

 

            Liv tek ein telefon til Hans Martin Glesne i Gjensidige.

 

 

 

SAK 65/11:                Årsmeldinga vår. Kven tek seg av kva?

 

 

 

            Bente E. har sagt ja til å skriva årsmeldinga på dataen i år og. Det er kjempebra!

 

            Anny S. ordnar med bilete til fram – og bakside på årsmeldinga. Ho snakkar og

 

            med tilskiparkomiteen om å skriva nokre velkomstord.

 

            Anny S. ordnar reklame frå Tine, Nortura, Gjensidige og Felleskjøpet.

 

            Likeeins ordnar Anny S. rekneskapen.

 

            Arbeid i fylkesstyret i 2011 tek Brynhild T. B. seg av.

 

            Liv Sp. spør Hordaland Bondelag om dei vil trykkja årsmeldinga for oss.

 

            Arbeid i lokallaga skriv Liv Sp. om.

 

            Turid N. skriv nokre ord om HB, likeeins gjer styret i HBU.

 

 

 

Årsmeldinga forts.

 

 

 

            Inspirasjonsseminaret i Kristiansand må koma med. Brynhild T. B. har skrive eit

 

            samandrag om det tidlegare.

 

 

 

SAK 66/11:                Matstafetten i NBK v/Rigmor V.

 

 

 

            Matstafetten er ein database for matrettar frå heile landet. Fylkeslaga har ansvar for å

 

            dela lokallaga opp etter årstidene til matstafetten.

 

            Over nyttår vil alle lokallaga få tilsendt ein mal/invitasjon frå NBK om denne

 

stafetten.

 

Rigmor V. tek ansvar for stafetten i HBK. Ho får hjelp av dei andre styremedlemmene

 

med å opplysa lokallaga om dette på ringjerunden i januar -12.

 

 

 

SAK 67/11:                Økonomi v/Anny Sandvin

 

 

 

            Gledeleg nyhende: no har dei to lokallaga som stod att, betalt for kalendarar og bøker.

 

            Brukskonto:                15.005, - kr.

 

            Sparekonto:              323.571, - kr.

 

            Pr.24.november 2011: det er 803 medllemmar i HBK. Av desse har 793 betalt

 

            kontingent.

 

            19 medlemmar har kun betalt NBK kontingent. Anny sjekkar opp med NBK kven det

 

            er som ikkje har betalt fullverdig medlemskap.

 

 

 

SAK 68/11:                Møteplan etter jol -2012.

 

 

 

            Frist for å senda inn stoff til årsmeldinga frå lokallaga er sett til 20.januar.  For

 

            HBK – styret er fristen 1.februar.( Me prøver å ha det meste klart til styremøte vårt

 

            slik at me får ein oversikt på kva som manglar.)

 

            Nytt styremøte vert måndag 23.januar  på Stend. Hugs å kalla inn revisorane til dette

 

            møte og tinga eige rom til dei.   

 

            4.februar:  Inspirasjonsseminaret i Bergen.

 

            Styremøte tysdag 14.februar på Stend.

 

            Pakking av årsmelding onsdag 7.mars  på Stend.(dagmøte)

 

            Fylkesårsmøte helga 23. – 25. mars på Ullensvang hotell.

 

 

 

SAK 69/11:                Ymse

 

           

 

            Bente E. har vitja Osterøy b.kv.l. på deira årsmøte.

 

            Liv Sp. har vitja Grimo b.kv.l. på deira årsmøte.

 

            Brynhild T. B. og Liv Sp. har vore på Agro Hordaland i oktober 2011.

 

 

 

HBK – styret skal ha ein ny ringjerunde til medlemmane sine rundt 10.januar -12.

 

            Tema me skal ta opp: stoff til årsmeldinga innan 20.januar.

 

            oppmoda til å melda seg på seminaret i Bergen og årsmøte i mars.

 

            Gje ei påminning om årsrapportane til dei laga som ikkje har sendt dei inn.

 

            Minna om matstafett – invitasjon som kjem frå NBK på nyåret.

 

            Tinging av T – skjorter – interresse for dette. Fristen er 4.februar.(då har dei fleste

 

            hatt eit medlemsmøte etter jol)

 

 

 

                                  

 

 

 

ymse forts.

 

 

 

            Else H. tek ringjerunde til region Folgefonn, i staden for Anny S. Då ho har ein del

 

            gjeremål denne vinteren.(fylkesårsmøte)

 

 

 

            HBK – styret har sendt jolahelsing til æresmedlemmane i HBK,

 

            Magnhild Grinde og Synneva Skaar.

 

 

 

            Liv Sp. sender ei jolahelsing til NBK.

 

 

 

 

 

Neste styremøte vert måndag 23.januar 2012 på Stend kl. 16.00

 

 

 

                                   Skrivar                      Brynhild