Frå Fylkeslaget har me fått brev om at laurdag 4. februar 2012 er bygdekvinner frå heile Hordaland inviterte til ein inspirasjonsdag i Bergen.
Stad: Bergen storsenter (5.etasje) kl 10 – 17
Frammøte ved informasjonen i 1.etasje frå kl 09.50
Gjennom NBK sitt prosjekt ”Bygdekvinnelaget opnar bygda” vil Ingrid Grene Henriksen frå NBK inspirere oss til å bli meir opne og inkluderande bygder.
Trendagent Liv Jorunn Solstad, kjend frå Førkveld på NRK1, tek for seg ”Form og farge, snitt og tilbehør” for kvinner i alle aldrar. Fyrst generelle råd og rettleiing for ”å finna vår eigen stil”. Etterpå personlege konsultasjonar for dei som ynskjer det.
Gje gjerne tilbakemelding om de ynskjer slik personleg rettleiing, når de melder dykk på INSPIRASJONSDAGEN.
Trekking av 2 timar gratis shopping-hjelp og make-up rettleiing m/Solstad!
Prisar (inkl. lunsj og kaffi):
Medlemer: kr 350,- (ekstra god pris pga gode sponsorar!)
Andre: kr 600,-
Konsultasjon m/Liv Jorunn kr 500,- pr pers.
Meld dykk på til Rigmor Vikane tlf 90139602, epost: jon.vikane@tele2.no eller til Eli Totland tlf 99005775, epost: karl.totland2@haugnett.no innan 20.januar 2012!
I tilfelle knapt med plasser, gjeld ”FØRSTE KVINNE TIL MØLLA–PRINSIPPET”!
Program for INSPIRASJONSDAG 4.2.2012 på Bergen Storsenter, 5.etasje:
Kl 09.50-10.00 Frammøte ved informasjonen i 1.etasje på senteret
Kl 10.00-10.15 Velkomen – kaffi og frukt
Kl 10.15–10.45 Bli-kjent-runde i smågrupper
Deltakarane presenterar seg med namn, lag, eventuelt verv og fortel omeitt positivt tiltak i laget sitt.
Alle lokallaga vert oppfordra til å førebu eit lite og uformelt innlegg til bruk i gruppa (maks 5 min). Fokus på eit vellukka, spanande, kreativt og ope tiltak. Ta gjerne med eit par setningar om kvifor det gjekk bra.
Kl 10.45-11.15 Kvar gruppe får presentere eitt tiltak i plenum – maks 3 minutt.
Kl 11.15–12.00 ”Bygdekvinnelaget opnar bygda” v/prosjektleiar Ingrid Grene Henriksen
”Bygdekvinnelaget opnar bygda” er Norges Bygdekvinnelag sitt prosjekt for åra 2011 - 2012. Det overordna målet med prosjektet er at lokallaga i Norges Bygdekvinnelag skal bidra til at bygda skal bli rausare, opnare og meir inkluderande i møte med tilflyttarar frå inn- og utland.
Kl 12.00–13.00 2-rettars lunsj m/kaffi på Cafe Opus
Kl 13.00-13.30 Framhald ”Bygdekvinnelaget opnar bygda”
Kl 13.30-14.00 Oppsummering ”Bygdekvinnelaget opnar bygda” v/Ingrid
Kl 14.00-14.15 Pause med strekk
Kl 14.15-15.15 Form og farge, snitt og tilbehør v/trendagent Liv Jorun Solstad
”Min erfaring er at alle er unike og har noko fint og verdifullt å trekkje fram. Med litt hjelp, tips og råd kan ein sjølv vere kreativ og finne fram til det som passar lommebok og personleg smak,” seier Solstad.
Kl 15.15–15.45 Kaffi m/kake
Kl 15.45-16.45 Meir om form og farge, snitt og tilbehør v/Liv Jorunn
Frå 16.45 Personlege konsultasjonar
Me held på til alle som ynskjer konsultasjon, har fått det!
Gje gjerne tilbakemelding om de ynskjer slik personleg rettleiing, når de melder dykk på INSPIRASJONSDAGEN.

