Bygdekvinnelaget

- en moderne møteplass

Du er her

NM-huer - det har berre teke heilt av!

Ein gong då Kari Olde i Voss Bygdekvinnelag sat og såg på TV saman med barnebarnet sitt, fekk ho ein ide. Les meir om korleis det gjekk då ideen vart sett ut i praksis!

Dette sa Kari til avisa Hordaland då bladet prata med ho:

"Ideen fekk eg då barnebarnet og eg såg på NM frå Steinkjer på TV. Då såg me skuleelevar med like, heimestrikka huer. Då snakka me om at dette måtte Bordalen skule, som er naboskulen til NM-arenaen, få til."

Ho tok kontakt med skulen som tente på ideen, og dermed kom prosjektet i gang.

Kvar onsdag i haust og fram mot ski-NM står strikking av huer på timeplanen på Bordalen skule. Og Kari og andre bestemødrer er då på plass og strikkar med elevane.

Mønsteret har dei sjølve kome fram til. NM-hua er i raudt, kvitt og blått, og med tre duskar.

Dei eldste elevane har lært seg å strikka, og gjer det meste sjølve. Dei yngste på skulen får hjelp heime til å strikka hua, men dei lagar sjølve dei tre duskane.

Kari er imponert over kor flinke elevane er. Og læraren er imponert både over elevane og bestemødrene. "Dette var ein kjempefin ide. Og elevane er veldig ivrige," seier læraren til bladet.

No har også fleire andre skular på Voss byrja å strikka huer etter same mønsteret.

Og me i Bygdekvinnelaget er kjempestolte av Kari!

 

(Mønsteret finn du på heimesidene våre, og hos Garnsenteret i Vangsgata og H. Seim i Uttrågata)

Lag: