Voss Bygdekvinnelag held møte i Nabobeino 23. februar kl. 19.00. Film og bilete frå farne dagar i VBK. Utlodding. Lagssaker. Mat. ALLE VELKOMNE! Styret
Sundag 8. januar hadde Voss Bygdekvinnelag jolafest i Vonheim. Rundt 70 kvinner og menn hadde møtt fram til ein triveleg kveld med mykje fint på programmet.
Frå Fylkeslaget har me fått brev om at laurdag 4. februar 2012 er bygdekvinner frå heile Hordaland inviterte til ein inspirasjonsdag i Bergen.
Les meir om dette.
Ein gong då Kari Olde i Voss Bygdekvinnelag sat og såg på TV saman med barnebarnet sitt, fekk ho ein ide.
Les meir om korleis det gjekk då ideen vart sett ut i praksis!
Tysdag 6. desember hadde Voss Bygdekvinnelag adventsmøte på Store Ringheim. 35 glade bygdekvinner hadde meldt seg på og møtte fram. Av desse var tre ikkje-medlemer. Kjekt at dei ville vera med oss denne kvelden!