Dugnadsånden er stor i vossabygda, så stor at då arrangørane ba om frivillege hjelparar til ski-NM, melde det seg meir enn 700 personar!
Bygdekvinnene melde seg sjølvsagt og. Og fekk beskjed om at Voss Bygdeungdomslag ynskte å ha oss med på å laga kafe i Ungdomshallen på Vangen.
Så no lagar me lappar, vaflar, rjomagraut og kaffi og sel på kafeen kvar dag under ski-NM.
























