HALVÅRSPLAN 2010
14. januar
Bowling på Bjorligard kl 19.00
Påmelding til Elisabeth Kjønnsletten (92807304) innan 11.1
21. januar
Lesesirkel på biblioteket kl 19.00
Vi startar oppatt med ny lesesirkel. Ta med bokforslag visst du har og kom på biblioteket!
Vi set opp plan for møtekveldar.
27. januar
Hyggekveld i gamma på Bjorligard kl 19.00 saman med Øverdalen og Lesja Bygdekvinnelag. Suppe og heimbryggja øl, kaffe og kake for kr 50,-
Underhaldning og Loddsal.
Det blir anledning til å ta seg ein tur i ishotellet for den som har lyst til det. Det kostar 125 kr pr. pers.
29. og 30. januar- Skrivabrødkurs på ”moderne vis” på skulekjøkkenet.
Minst 5 deltakarar, påmelding til Frøydis Anseth(41100647) innen 25.1. Ver med og før gamle tradisjonar vidare!
Sjølve kurset er på laurdagen, men vi må treffast fredag, for å steikje «onnbekste» (fredag kl 19.00 og laurdag kl 11.00
1., 8., 15. og 22. februar
Fotokurs. Bjarne Fossøy held kurs i:
- bruk av digitalt kamera.
- overføring av bilete til datamaskin og arkivering
- enkel bildebehandling
Dette er eit kurs som er opent for alle. Er du hobby fotograf og interessert i fotografering, så bruk anledninga til å vere med på dette kurset!
Det er ingen krav til erfaring eller kamera.
Kurset kostar 800 kr for medlemmer og 1000 kr for andre.
Har du planer om å kjøpe deg eit nytt kamera, så vent til du er kome på kurset, Bjarne kan gje gode råd om kamera.
Påmelding til Hanne Mona Bakken innan 21. januar. 90027871, eller hanne.rind@fjellnett.no Har du konkrete spørsmål/problem som du lurer på, gje beskjed til Hanne Mona når du melder deg slik at Bjarne kan forberede seg.
Kurset skal vere i auditoriet på skulen, kl 18.00- 21.00 kvar kveld.
11. februar
Bowling på Bjorligard kl 19.00
Påmelding til Elisabeth(92807304) innan 8. februar
23. februar
Skulefrukost kl. 10.45.
Den som har anledning til å vere med og hjelpe til kan melde seg på til Dagrun Klungervik (97708518)
13. mars
Krafttak mot kreft.
Vi står med bøsser på butikkane, den som kan melder seg til Anna Solveig(90918086).
23. mars
Påskepyntkveld på biblioteket kl 19.00
Loddsal
13. april
Ullkveld på Vevstugu i samarbeid med Husflidslaget kl 19.00
Karding og spinning på handtein, Ingunn Sæter og Jorid Doseth er instruktørar.
Loddsal
23. april
Kaloribombekveld!
Ta med deg ein god dessert og ei venninne som ikkje er medlem, kom på Kyrkjestugu kl 19.00. Vi lager eit kjempedessertbord og bare koser oss.
Sjå i gamle kokebøker, kanskje du finn ein dessert som held på å gå i gløymeboka, eller du har noko som er nytt og spennande, kanskje du har ein spesialitet, ein konfekt.....
Vi kan bruke anledninga til å frista dei som ikkje er medlem.
Hugs å ta med oppskrifta!
Loddsal. Påmelding til Anna Solveig (90918086) innan 17.4
28. april
Enkelt vedlikehald på bil. Tips på Texaco kl 18.00 Torkjell held ”kurs” i enkel bilsørvis. Skifte dekk, fylle spyleveske, sjekke olje osb....
Ta med bilen og møt opp, etterpå et vi pizza inne på Texaco.
6. mai
Mannekengoppvisning på Bjorligard kl 19.00 ”Solveigs mote” m.fl. viser årets moter.
Salat, kaffe og kake kr. 125
Loddsal
Du som har lyst til å vere mannekengar kan melde deg til Anna Solveig(90918086) innan 13.april.
3. juni
Hyggekveld ved vatnet sjå Ann Karin Thøring kl 19.00
Ta med grillmat og drikke.
Vi får låne kajakk og kano, og kanskje vi får sjå ein bever.......utpå kvelden.
Parker ved Knipstugu og gå ned etter merka løype, eller om du har mykje å bære går det an å kjøyre heilt fram, men det er ikkje så lett med parkering der. Køyr da ned ved stasjonen og bortetter den nye vegen etter lina (det blir merka), samkøyring.
10. juni
Plantebasar sjå Hanne Mona i Rånå kl 19.00
Ta med planter, kjøpte eller om du har sådd sjølv, grønsaker, staudar, busker.... Dette er alltid like morosamt!
29.7 - 7.8
går sommarspelet ”Elden” på Røros. Dersom det er noen som er interessert i det kan dei avtale og køyre saman på eige initiativ. Gå inn på Røros sine nettsider for å finne tlf nr for bestilling og pris o.l.
*Håpar at programmet fell i smak og at døkk tek døkk tid til å vere med på tilboda våre!
*Vi håpar alle vil fornye medlemsskapet og at døkk vervar nye medlemmar! Du kan halde deg oppdatert på aktivitetane ved å gå inn på heimesida vår :
www.bygdekvinnelaget.no/ol-lesjaskog
Vidare planer og tankar for neste halvår er bl.a songkveld i Lisser og martnasdagen på Lesjaskog der vi har lyst til å selje morr og lefse, familietur til Sørhella i aug/sept , gokart + grilling , soppkurs, kurs i oppdeling av kjøtt som blir etterfølgt av ein hausttakkefest på Solheim , 20. okt blir det årsmøte, tur til Hadeland Glassverk i november og tradisjonelt adventstreff. Vi arbeider og for å få til tur til Arne Brimi på Vidanvang, men dette kjem vi med vidare info om.
Styret i Lesjaskog Bygdekvinnelag
Lesjaskog Bygdekvinnelag
HAUSTEN 2009
Fredag 17. juli
Sangkveld i Lisser , kl. 19.30
Laurdag 18. juli
Martnasdag i Kyrkjestugu
Vi skal selge augagraut
Torsdag 3. sept
Lesesirkel , 1. treff på biblioteket kl. 19.00
Ta med forslag på bok.
Interesserte kan melde seg til Anna Solveig (90918086)
Søndag 06. sept
Setertur til Anne Marie på Sørhella.
Den som vil kan vere med og gå tur til Storsvartdalen.
Anne Marie lagar mat til oss i kokegrop.
Vi køyrer privatbilar dit .
Pris kr. 220,-
Påmelding innan 3.sept til Frøydis (41100647)
Søndag 13. sept kl.11-17
Kulturminnedagen ved Brøstsaga/Sagelva i samarbeid med Øverdalen bygdekvinnelag om aktivitetar . Vi skal vaske klede på ”gamle” måten ved elva, lage vassgraut med mjøl laga på kverna og selge suppe med heimbrygga øl.
Vi treng mange til å vere med og hjelpe til denne dagen, eit par timar kvar. Sei frå til Frøydis (41100647 ) dersom du kan. Vi treng og nokre som kan bryggje øl. Heile opplegget for dagen er eit samarbeid mellom Lesja og Rauma kommunar, så det er venta mykje folk. Det er andre lag som også skal delta med ulike aktivitetar.
Laurdag 19. sept
Sigurd Einbu – jubileum , Kyrkjestugu kl. 11.00
Vi i Bygdekvinnelaget skal servere kaffe og kaker ,og treng nokre til å hjelpe til. Meld frå til Anna Solveig (90918086)
Laurdag 10. okt
Tur til Rauma Ullvare i anledning ”Naturfiberåret”
Omvisning frå kl. 10 -11. Høve til å handle på fabrikken.
Lunsj et vi i byen.
Vi køyrer privatbilar.
Påmelding til Anna Solveig innan 01. oktober (90918086)
Trsdag 20. okt
Skulefrukost. Kven kan vere med?
Meld deg til Helene(95220207)
Tirsdag 13. okt
Temakveld om kreft
Samarbeid med Sanitetsforeninga .
Meire info kjem seinare .
15. – 17. oktober
Oppmuntringstur til København med Norges Bygdekvinnelag .
Ulike foredrag blir halde på båten .
Meld deg til Anne-Lill (45803795) dersom du er interesset .
Dersom det er fleire enn to interesserte , blir det loddtrekning .
Laget sponsar halve båtreisa for dei to som reiser.
Gå inn på www.bygdekvinnelaget .no for program og meir info.
Måndag 19.okt
Årsmøte hjå Laila Brøste , kl.19.30. Det er viktig at du møter og kjem med idear og innspel til aktivitetar
Laurdag 07. nov
Flatbrødkurs
Meire info kjem seinare.
Fredag 04. des
Adventstreff på Kjønsletten, kl. 19.30.
Bindande påmelding til Anne Lill (45903795) innan tysdag 01. desember .
Bygdekvinnelaget har fått innvilga søknad om pengar i samband med kulturminneåret til å halde skrivarbrødkurs.
Meire info om dette kjem seinare .
Husflidslaget i Lesja og Bygdekvinnelaget vil samarbeide om ein temakveld om brennesle i haust.
Dato og meire info kjem seinare.
Lesjaskog Bygdekvinnelag har no 50 medlemmar og dette synest vi i styret er veldig bra, men det er plass til fleire, så hald fram med vervinga! Det er viktig at kvinner på bygda har nettverk. Vi ønskjer oss fleire aktive medlemmar og håpar at programmet for hausten fell i smak. Møt opp på årsmøtet 19.okt. og kom med forslag på ting du saknar.
På heimesida vår kan du halde deg oppdatert. www.bygdekvinnelaget.no/oppland-lesjaskog
Styret i Lesjaskog Bygdekvinnelag
