Løypelaget og Bjorli-Lesja Næringslag arrangerte smørekurs i vaskehallen på YX. Instruktør var May, og ho lærte opp tre ivrige damer. Alle hadde med eigne ski som vart rensa, lagt på glider og smurt. Her var det mange gode spørsmål frå deltakarane, og May gav dei gode svar. No har dei gode ski, og det må til for å oppleve skiglede!
Eit tips til alle med ivrige barn og dårleg med tid frå skitrenaren er: kjøp flytende hurtig-glider med svamp og kork. Dette gir god glid for ei trening/konkurranse, men bruk litt tid på å glide ordentleg ein gong i blant, slik at sålen ikkje tørker ut. Når skia er grå under, er det på tide å ta ei økt! Det fins hurtig-glider som fungerer brukbart på alle fører, men du kan og få kjøpt hurtig-glider til dei ulike føra. NB: flytende hurtig-glideren kan ikkje lagrast der det er minusgrader.
Onsdag 25. januar er det ny kurskveld for dei som vil lære skiteknikk. Vi håper mange melder seg på til May og stiller opp med ski med god glid! Tlf til May er: 990 00 516.

