Bygdekvinnelaget

- en moderne møteplass

Du er her

MATKVELD: "FAMILIEMAT"

Onsdag 15. februar inviterte Bjerkreim bygdekvinnelag til matkveld på samfunnshuset. Ernæringsfysiolog Margit Vea var trekkplasteret denne kvelden.

Matkveld: "Familiemat"

Onsdag 15. februar inviterte Bjekreim bygdekvinnelag til matkveld på samfunnshuset.  Ernæringsfysiolog Margit Vea var trekkplasteret denne kvelden.  Ho er frå Haugesund og er faglærar i ernæring, helse og miljøfag og har lang erfaring som lærar i grunnskulen, vidaregåande skule og vaksenopplæring.  Ho held matkurs for barselgrupper, barnehagar, samt kokkekurs for barn, ungdom og vaksne.

58 stk møtte, og me hadde ein inspirerande og gild kveld.  Margit er oppteken av at me skal laga maten frå botnen av. "Rein og sunn mat" er eit slagord. Me fekk oppskrifter på alt fra majones, dippar, marinadar, salater og brød til suppe og middagar.  Ho er og oppteken av "Meir bruk av rotgrønnsaker", noko som passar godt inn i bygdekvinnelaget sitt satsingsområde på rotgrønnsaker "Hekta på røtter".

Gledeleg denne kvelden var at mange unge, nye fjes dukka opp på møtet. Håper eit slikt møte kan vera inspirasjon til å bli medlem i bygdekvinnelaget.

Bjerkreim bygdekvinnelag spanderte kurs med Margit Vea på alle barnehageansette den 16. januar. Der deltok ca 60 stk fra alle 3 barnehagane i Bjerkreim kommune. Dette var og svært vellukka iflg. tilbakemeldingar.

Lag:

Flere bilder (klikk for større)