Bygdekvinnelaget

- en moderne møteplass

Du er her

Eventyrleg i Vikhålå

Orre bygdekvinnelag,Orre bondelag,Orre bygdungdomslag og Sjøsprøyt 4H fekk kring 400gjesterdå dei inviterte tileventyrskogi Vikskogen den 26. september.

Orre bygdekvinnelag,Orre bondelag,Orre bygdungdomslag og Sjøsprøyt 4H fekk kring 400

gjesterdå dei inviterte tileventyrskogi Vikskogen den 26. september.

Dette var Orre bygdekvinnelag sitt bidrag til NBK sitt prosjekt dette året som er kalla Trivselbygda.
Været vear veldig fint då ungar og vaksne strøymde til,og frammøtet var langt betre enn venta.
Me hadde ikkje våga håpa på meir enn rundt 100 ungar,men hadde sikra oss 200 hodelykter. Det synte seg å vera for lite. Me seier oss sterkt leie for at ikkje alle ungane fekk lykt.
Reven ,Karius og troll-jenta delte ut lyktene utanfor skogen,og ungar og vaksne strøymde inn i eventyrløypa der det var postar som synte scener frå ulike eventyr.Deltakarane skulle finna ut kva eventyr scenene var frå. Her var både ”Snøhvit og heksa”,Rødhette og ulven”,kjerringa som hadde sett den lange nasen sin fast i trestubben og ”gutten som kappåt med trollet”.Kaptein Sabeltann var og også på plass og delte ut gullpenger frå skattekista si. Ei heks vandra rundt i skogen og lova ungane at ho skulle fyka over huset deira om natta.
Då runden var over,var grillen varm og klar for medbrakt grillmat,og det var sal av kakao,kaffi og lapper så langt det rakk.
Etter matøkta spela Jarle Wiig opp til marsj,og der vart reine lysløypa rundt Vikhola av alle ungane med lyktene sine. Så vart det songleikar og anna,medan somme kosa seg med Gråtassen til Andreas Wiig. 4H var på plass med ansiktmaling og dei søte små vart forvandla til både det eine og det andre.Reven,Karius,heksa og eit og anna troll såg til at alle hadde det bra.Og det såg ut til at alle,både store og små,kosa seg veldig denne fine haust-kvelden.

Me takka Orre bondelag,Orre bygdungdomslag og Sjøsprøyt 4H for godt samarbeid. Med deira hjelp vart Eventyrskogen heilt eventyrleg!

For Trivselbygda og Orre bygdekvinnelag
Oddny Horpestad

Lag: