Bygdekvinnelaget

- en moderne møteplass

Du er her

Smultringbakere

Førjulskos med Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag

Kos har stått i sentrum på Ropeidhalvøya i desember. Nissemarsj, kakebaking og Luciafest har stått på programmet.

 

FØRJULSKOS MED ROPEIDHALVØYA BYGDEKVINNELAG

Førre søndag (04.12.11) inviterte bygdekvinnelaget til Nissemarsj på Kjølvikstølen. Om lag 30, små og store halvøynissar deltok. Det vart delt ut medaljar og varm havresuppe til dei som ville ha.

Onsdag (07.12.11) sto felles julekakebaking på programmet. 15 bakeklare damer møtte og det vart laga 5 sorter julekaker på nokre kveldstimar. Sjølvsagt var det innlagt gløggpause med prøvesmaking.

Laurdag (10.12.11) arr. Marvik Musikkorps og bygdekvinnelaget Luciafest på grendahuset. Ein fullsett sal fekk med seg både Lucia opptog, korpskonsert, lapskaus, kaker og utlodding. Bygdekvinnelaget har dei siste åra nytta denne festen til å dele ut ei lita velkomsthelsing til halvøybuar født det året.   For 3. året vart det også delt ut ei julekorg til årets halvøybu. Korga gjekk denne gongen til Elisabeth Bjørkhaug, som er relativ fersk halvøybu, men som gløder av energi, idear og pågangsmot.

Nå senker bygdekvinnelaget på halvøya skuldrene for ei stund, men ynskjer å avslutte året med å invitere til felles nyttårsbading, ved småbåtanlegget på Kloppå, på årets siste dag.

Bygdekvinnelaget ynskjer til slutt,  store som små, ei god og fredelig julefeiring. Og ynskjer at 2012 vert eit godt år for Suldal.

 

Ropeidhalvøya Bkl v/Mette Vatland

Lag:

Flere bilder (klikk for større)