Inspirasjonskurs på Sola -vaksenrolla i endring
Dette var eit flott kurs! Signe Lise Frøyland trollbatt oss med kunnskap om relasjonsbygging, kommunikasjon, refleksjon, grenser, lek og læring og andre interssante temaer om forholdet mellom barn/vaksne. Ho hadde så mykje på hjarta at me kunne halde på i ei veke, og ho var så engasjerande at det hadde vore heilt greitt! Ho brukte kvardagseksempel på forskjellige ting, erfaringar frå barnehage, skule, barn og barnebarn, sånn at det var lett for oss å setja oss inn i problemstilligane. Ho meinte at det viktigaste her i livet, er leik, fordi at lærer ikkje barnet « reglane» for korleis ein leikar i lag med andre barn, så går ein glipp av viktig kunnskap om relasjonsbygging som ein og treng seinare i livet. Er ein god på å leike, så klarar ein seg som regel godt her i livet- sett på spissen. Empati er viktig, kjenslane må vera med for å læra, og det er viktig å reflektera over eigen adferd for å forstå andre sine reaksjonar. Me hadde gruppearbeid etter ein god middag fredag kveld, og her var 36 engasjerte damer i full sving, mange bra svar på oppgåvene. Kurset var intenst bra, og kursdeltakarane fekk skrøyt frå Signe Lise for at me var så opne, ho følte seg trygg blant oss, inkludert. Det var vel det me og følte, trygge ovanfor ho, sånn at det var lett å komme med spørsmål og liknande, ho levde seg inn i materialet og brukte heile seg, følelsesmessig, for å leggja det fram for oss. Alt i alt eit kurs me hugsar lenge….










