Rogaland Bygdekvinnelag
Rogaland Bondekvinnelag vart stifta i 11. mai 1929. - I året 2002 ( NBK sitt årsmøte 8. juni) vart det vedteke at sentral- og fylkesleddet i organisasjonen skulle endra namnet frå
bonde- til bygdekvinnelag, og fylkeslaget heiter nå Rogaland Bygdekvinnelag.
I 2004 var det 75 år sidan laget vart stifta, og det vart markert med ulike arrangement gjennom heile året.
Laget har same visjon som Norges Bygdekvinnelag: "Aktive kvinner for levande bygder."
Ein ynskjer å vera med å skapa liv i bygdenorge, gjennom ulike aktivitetar og satsingsområde. I alt 39 lokallag er tilknytt Rogaland Bygdekvinnelag - dei representerer rundt 1650 medlemmer. Lokallaga er inndelt i 5 geografiske soner. Alle sonene har ein representant i fylkesstyret. Styret består av 9 representantar, av desse er ein representant frå Rogaland Bondelag og ein frå Rogaland Bygdeungdomslag. Når det gjeld namnet bygde- eller bondekvinnelag, står lokallaga fritt til å nytta det dei sjølv ønskjer.
Følgjande formålsparagraf gjeld for alle ledd i organisasjonen: "Laget sitt formål er å samle alle kvinner som føler tilknyting til primærnæringane og bygdemiljøet. Norges Bygdekvinnelag er ein partipolitisk nøytral organisasjon som skal arbeide til beste for bygdefolket sine økonomiske, sosiale og kulturelle interesser og bygge på nasjonal og kristen grunn."
Rogaland Bygdekvinnelag arbeidar ut frå ei målsetting om å nå kvinner på tvers av ulike interesser og yrke. Meir detaljar om arbeidet til Rogaland Bygdekvinnelag kan du finna i arbeidsplanen vår, den vert oppdatert kvart år og er eit viktig styringsreiskap i arbeidet.
Rogaland Bygdekvinnelag
Postboks 278, 4002 Stavanger
Tlf. 51 88 72 70,
E-post, kontoret: rogaland.nbk@bygdekvinnelaget.no
