Sogndalstrand Kulturhotell i Hauge i Dalane,
eller i ”Sokkendal” som me bruka seie.
Dette ville me feire, og det vart avtalt lunsj Onsdag 6 oktober kl 12.00. Me gleda oss til god mat og markering, Eva Aniksdal og Margunn frå Rogaland BK, Ingjerd Modal fylkesleiar i Aust Agder BK, Elisabeth Birkeland fylkesleiar i Vest Agder BK og Siss Ågedal frå Noregs Bygdekvinnelag .
Vi var nok litt spente då vêrvarslinga meldte STORE NEDBØRS MENGDER, særleg i Lund.
Men vi kom oss fram til Sogndalstand og mens regnet ”hølja ned” ute, hadde vi ein nydeleg lunsj inne ilag med ordførar, leiar i næringforeninga og fleire av leverandørane til hotellet. Dei fleste av dei tilsette og andre inviterte gjester var der også så vi vart 28 stk til bords , der i blant Dalane Tidene og Agder som hadde takka ja til invitasjonen.
Vi overrekte Eli Laupstad Omdal diplom og blomster frå bygdekvinnelaga.
I tillegg fekk ho 10 kg havregryn for å markere at Bygdekvinnelaget har ”havre år” i år
og vi oppfordrar til å sette ”Havre på menyen”.
Eli rosa Ganefart og sa det er flott at det finnes ein konkurranse som fokuserer på lokalprodusert mat og kvalitet. Ikkje minst bruken av lokale råvarer. Det at Ganefart hadde fokus på maten heilt frå den vart produsert til den vart servert. Dette inspirerar til å tenke nytt, finne fram gamle oppskrifter og prøve på nye variantar.
- Det skal ikkje smake likt på alle stader du stikk innom.
Alle er vi spente på korleis det går i finalen, men med den flotte plassen, gode maten og glade servitørane bør dei ha en gode sjanse.
Ordføraren skrøyte og av Ganefart og bygdekvinnelaget, for at dei sette fokus på Norsk mat og lokalprodusert mat. Vi var mektig stolte av å representera Bygdekvinnelaget.
Ganefart kårer Norges beste spisested langs veien.
Ganefart er et samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Norges Bygdekvinnelag og Innovasjon Norge. Det er en konkurranse som blir arrangert annethvert år, og der det beste spisestedet skal kåres, først regionalt og så for hele landet.
Se mer på: www.ganefart.no
