19.januar ønskte Vats Bygdekvinnelag velkomen til sonemøte i Vindafjordhallen. 50 damer kom frå Imsland i aust til Karmøy i vest. Liv Svendsen frå Rogaland Bygdekvinnelag orienterte om aktuelle saker frå laget, og Anne Kari T.Fossen frå Idereiser fortalde om mange fristande turar for oss. Me hadde med oss ein einaste hane i kurven; Sjur Inge Stødle, som fortalde levande om Ingvar Moe, og las både dikt og historiar Moe har skrive .Denne kvelden vart det servert betasuppe, med mange gode rotgrønnsaker i- deilig. Passar godt då tema for bygdekvinnelaga i år er « Hekta på røtter».Kaffi og kringle smaka godt til dessert. Mange flotte gevinstar vart fordelte, til glade mottakarar.». Det vart ein kjekk kveld for både besøkjande og vertskap!
Sonemøte i Vats (sone 5)
Sone 5 hadde sonemøte i Vindafjordhallen i Vats i januar. Mange flotte damer møttes, og hadde ein trivelig kveld ilag.





