Vi har gjeve støtte til innkjøp av symaskin på skulen og komfyr på kafeen.
Kari Anne refererte brev frå fylkesstyret. Det var invitasjon til fylkesårsmøte i Førde 24. og 25. mars. Vi
håpar nokon har lyst å få seg ei helg på Rica Sunnfjord Hotell! Gje tilbakemelding til Kari Anne innan 25. februar. Møtet er ope for alle medlemmar, vi har to utsendingar med stemmerett.
NBK går i gong med ein oppskriftsstafett 1. mars, der alle fylkes- og lokallag vert oppmoda om å legge ut oppskrifter på ein tre-rettars middag med tradisjonsmat. Dagens unge leitar heller på nettet enn i kokebøker etter middagstips, og da er det viktig at våre gode, gamle oppskrifter finst der. Lokallaget vårt har fått tildelt mai månad (i lag med tre andre lag). Vi skal skrive om vår-mat, gjerne festmat knytt til 17. mai eller konfirmasjon.
Vidare snakka vi om planar for våren. Kari Anne skriv brev til kommunen der vi oppmodar om at nyinnflyttarar får skrifteleg informasjon om tilbod som finst i kommunen – ei velkomstpakke. Vi som var i Kristiansand sist haust høyrde om kommunar der dette er vanleg praksis.
Vi har planar om ein diskotekkveld for ungane denne våren. Vi satsar òg på eit strikketreff på bygdetunet med det fyrste.
Temaåret i år er ”Hekta på røtter”, der vi vert oppmoda om å bruke rotgrønnsaker i matlaginga vår. Vi ser for oss eit medlemsmøte tysdag 24. april der dette vert tema.
Laurdag 12. mai håpar vi å kunne lage eldrefest på bygdetunet. Her treng vi tre til å hjelpe til. Kontakt Kari Anne om du kan vere med.
På årsmøtet kom det fram ynskje om å reise opp til Kari Støfringsdal på Fjordamattunet att. Vi har sett for oss laurdag 2. juni om det er ledig plass der da. Før vi gjer noko meir med denne turen, må vi ha tilbakemeldingar om kor mange som vil bli med. Medlemmar har fyrsteretten, og så opnar vi for andre for å fylle opp. Si frå til Kari Anne innan 1. mars om du vil vere med.
Vi har både heimeside under NBK og eigen profil på Facebook. Det har vore lagt ut lite der i det siste, men vi skal prøve å legge ut meir informasjon der etter kvart som det skjer noko.

