Beredskap.
Styret i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag er sterkt kritiske til at så mange husstandar var utan telefon og strøm over så lang tid i samband med uveret ”Dagmar”. Erfaringar etter nyttårsorkanen i 1992, som enkelte stadar ramma verre enn Dagmar, andre stadar mindre, viste at det var lite problem med telefonsambandet
da. På 20 år burde dette vore minst på same nivå! Vi forventar at når alt skal vere så ”enkelt”, skal det òg vere enkelt å reparere skader. Det å vere utan telefon i fleire dagar er uhaldbart. Telefon og strøm skal vere på plass, slik at alle innbyggarar kan føle seg trygge, blant anna med tanke på å få tak i nødetatane til ei kvar tid.
Det er ikkje alle kommunar som har aggregat på alle institusjonar. Dette er noko som bør vere ein sjølvsagt ting. Eldre og sjuke/pleietrengande skal ha det like bra sjølv om strømmen er borte.
Ellers syns vi at vegvesenet gjorde ein bra jobb i alt kaoset, vegane var ikkje stengt så lenge. Dei må vere eit førebilete for Telenor og andre som brukte ”lovleg” lang tid på å reparere skadene etter uveret. Alle som jobbar på grasrota har verkeleg stått på, det vi set fokus på, er den manglande beredskapen og planar om dette på høgare hald.
Vi oppmodar derfor dei ulike aktørane om å samarbeide på tvers av yrkesgrupper og samordne beredskap i størst mogleg grad.
(Foto: morgufile.com)

