Bygdekvinnelaget

- en moderne møteplass

Du er her

Ganefart: Spis - tips og spis igjen!

Landbruks- og matdepartementet og Bygdekvinnelaget ber om hjelp frå folk til å finne beste serveringsstad langs vegen. Tips om ein serveringsstad du er nøgd med - vinn eit gåvekort på to måltid! Tips om serveringssteder kan sendes på sms til nr. 400 38 830

Landbruks- og matdepartementet og Bygdekvinnelaget ber om hjelp frå folk til å finne beste serveringsstad langs vegen. Tips om ein serveringsstad du er nøgd med - vinn eit gåvekort på to måltid!

Tips om serveringssteder kan sendes på sms til nr. 400 38 830

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk oppmodar folk til å engasjere seg i Ganefart ved å tipse om dei gode stadane som er ei reise verdt i seg sjølv.

- Ganefart er ein konkurranse som er med på å gjere Norge til eit betre reisemål, seier Brekk.

-I Norge har vi lange tradisjonar, gode råvarer og maten har gjerne sin heilt spesielle historie. Serveringsstadane langs vegen er eit godt høve til å vise fram noko av det vi er så stolte av!

- Kom med tips!

Så langt har nesten 90 serveringsstader meldt seg på konkurransen og det har kome inn 300 tips. Leiar i Norges Bygdekvinnelag Kathrine Kleveland, vil få fleire serveringsstader med i konkurransen.

- Kjempefint at vi nærmar oss 100, men eg ynskjer meg minst 250 påmeldte før sommaren er over. Så stå på - kom med tips! seier Kleveland engasjert.

- Erfaring frå tidlegare år er at konkurransen gir serveringsstadane auka fokus på å servere gode norske matrettar. Eg er sikker på at dette fører til betre serveringsstader med fleire gjestar.

Meir om Ganefart (pdf)


Hjelp Ganefart med å finne beste serveringsstad langs vegen i Norge:

Send sms til 400 38 830 med kodeord ”tips og spis” – ditt namn- namn på serveringsstad – stad og kvifor du er nøgd med denne serveringsstaden.

Ny vinnar vert kåra kvar veke, og gåvekortet kan nyttast på din tipsstad. Ved å delta i konkurransen samtykkjer du i å fortelje Ganefart om di matoppleving etterpå. Du må dessutan ha høve til å nytte gåvekortet på serveringsstaden i løpet av sommaren.

Bilete: F.v: Mesterkokk Harald Osa (Det Norske Måltid), landbruks og matminister Lars Peder Brekk, Leder i Bygdekvinnelaget Kathrine Kleveland (Ganefart) og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen).

For meir informasjon:

Leiar i Bygdekvinnelaget Kathrine Kleveland: kathrine.kleveland@me.com
Tlf: 928 25 162

Prosjektleiar for Ganefart Ellen Klynderud : Ellen.Klynderud@bygdekvinnelaget.no Tlf: 22 05 48 18

Informasjonsansvarleg Marieke Mulders: ganefart@bygdekvinnelaget.no
Tlf: 22 05 48 16

Ganefart er eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Innovasjon Norge og Norges Bygdekvinnelag. Les meir på www.ganefart.no

Lag:

VedleggStørrelse
Kva%20er%20Ganefart.pdf104.25 KB

Flere bilder (klikk for større)