Hopp til hovedinnhold

Årdal og Helgheim Bygdekvinnelag

Flott arkitektur.

Damene i operaen.

Praktfulle kyrkjebygg.

Privat omvisning i katedralen.

Privat omvisning i katedralen.

Tur til Vilnius


Vilnius, medlemstur, kultur

Vi i Årdal og Helgeheim Bygdekvinnelag har fått ein ny tradisjon, dei to siste åra har vi arr. utanlandstur for medlemane. Vi er så heldige å ha medlemar som har flytta til Noreg, så vi har hatt våre private guidar på desse turane.

I år var det Vilnius som fekk besøk av 8 medlemar frå Årdal og Helgheim Bygdekvinnelag, Olga som opprinneleg er i frå Vilnius viste oss rundt i mange flotte kyrkjer :Vi fekk også privat omvisning av ein munk som ho kjenner i den ortodokse kyrkja.

Vi var på opera og såg Romeo og Julie, vi var på shopping på enorme senter og på marknad. Elles var vi på mange spennande og gode restaurantar, der fekk vi smake på deira tradisjonsmat. Vi hadde 4 kjekke dagar i lag, med mange gode samtalar og mykje latter, og så vart vi betre kjende med Olga sitt  heimland og deira kultur.