Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Slik må du lage heime,Mamma. Det er kjempe godt !

Smalahovesleppet 2017


Kjekk dag på Smalahovesleppet 30. september !

Me var mange damer i sving i løpet av dagen, og endå fleire i sving på førehand. Ekstra kjekt var det at fleire av dei nye medlemmane våre var med og hjelpte til. Dei syntes det var stas å vere med, noko me set stor pris på.

Sjølv om været var surt, hadde mange folk tatt turen til Smalahovesleppet på Vangen. Salet gjekk hyvande, og det er alltid hyggjeleg med tanke på alle dugnadstimane me legg ned i arrangementet. Takk til alle som handla hjå oss.