Hopp til hovedinnhold

Bø Bygdekvinnelag

Juleverkstad.

Ondag 23. november 2016 var 10 medlammer frå Bø Bygdekvinnelag samla på Eikjabygda Grendehus.

Leiaren hadde teke med mange fine kvistar med edelgran. Andre hadde og teke med ulike ting til å henge/pynte julekransane med. Etter mykje jobbing vart det servera rommegraut, kaffi og kaker. Samtidig hadde me loddsal med mange fine gevinstar.

Lysa på bordet denne kvelden var orange kubbelys, som skulle minne oss om avskaffelsen av vold mot kvinner. Den 25. november er den internasjonale FN-dagen.

Alle fekk med seg sjølvlaga julekrans heim til jul og samtlege var fornøgd med kvelden.

Helga Eika.