Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Ver med på tur!


Du treng ikkje vera medlem for å gå tur med Kinsarvik bygdekvinnelag! Møt på parkeringsplassen ved Mikkelparken tysdagskveldane kl 1800.

Det er fint å koma seg ut i naturen, det er og fint å gå saman med andre.

Bygdekvinnelaget har skipa til turar tidlegare , men då på dagtid. No vil me prøva på kveldsturar med ei von om å få fleire med. I første omgang set me opp 6 turar.

Tysdag 8. mai : Kinsarvik - Røtevegen – Velteplassen –Vassmyrane /Feisdal

Tysdag 15. mai : Køyrer til Lofthus(ved kyrkja) Går til Hordatun-Elvadalen rundt.

Tysdag 22. mai : Køyrer til Bu , går over Hardangerbrua til Vallavik.

Tysdag 29. mai : Går skogsvegen til Rateig.

Tysdag 5. juni : Køyrer til Frøynes og går til Kolgrevena ev. lenger opp Frøyneslia.

Måndag 11. juni : Køyrer til Øvre Eidfjord, går innover mot Hjølmo. (oppstart kl 17.00)

                              Avslutting på kafe i Eidfjord ??

 

Oppmøteplass : Parkeringsplassen ved Mikkelparken  kl 18.00 når ikkje noko anna er avtala.

Ta gjerne med mat og drikke, ei lita matrast kan me unna oss.  Dei som har høve til å ta med bil,tek den med til parkeringsplassen, så køyrer me derfrå med så mange bilar som trengs. Når me skal innover fjorden , kan dei frå Stronda stå langs vegen , men må då gje melding til Jorunn på førehand.

Du treng ikkje vera medlem av bygdekvinnelaget for å vera med . Alle spreke og turglade damer (menn) er velkomne !

 

Helsing styret i KBK v /Jorunn N. Opedal

Telf. 99455690