Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Desse fem har æra for Seterboka! Hegelin Waldal, Mette Marie Døving, Turid Aspehjell, Liv Bersås og Sunneva Linge.

Desse fem har æra for Seterboka! Hegelin Waldal, Mette Marie Døving, Turid Aspehjell, Liv Bersås og Sunneva Linge

Spreke turgåarar !

Spreke turgåarar !

Avslutning av seterprosjektet

Avslutning på eit 3-årig seterprosjekt.

Desembermøtet i Valldal Bygdekvinnelag vart halde på Jordbærstova, og vi kosa oss med god mat som vanleg.

Dette skulle også  markere ei avslutning av det 3-årige Seterprosjektet. 

Prosjektet starta med eit omfattande arbeid med innsamling av materiale til boka " Til seters - setrar i Norddal". Mette Marie Døving fortalde at mor hennar hadde samla ein del stoff som dei starta med , og Sunneva Linge, Liv Bersås og Turid Aspehjell fortalde korleis dei arbeidde vidare med dette. Dei fann tak i gamalt stoff, fekk bilde og intervjua dei som hadde noko å fortelje. Det vart eit omfattande og tidkrevjande arbeid, men resultatet vart ei flott bok som dei kan vere stolte av. Hegelin Waldal tok seg av redigering og layout, og ho fortalde om eit fint samarbeid i gruppa.

Seterprosjektet resulterte også i eit Seterkort med oversikt over alle dei 60 setrane i Norddal kommune. Seterkortet varte i tre år med premiering  av dei som vitja 15 setrar kvart av dei to første åra. I desember 2015 var det avslutning på prosjektet og premiering til dei som hadde vitja alle dei 60 setrane. Som vi ser av bildet var det både gamle og unge, dei fleste frå vår eiga kommune, men også nokre frå nabokommunar. Premiane var mellom anna  flotte, handlaga spaserstokkar med ulike gamle ordtak som inskripsjon.

Eit svært vellukka prosjekt og ein kjekk kveld!