Hopp til hovedinnhold
Liv-Elbjørg Nordheim er leder i Sjernarøy Bygdekvinnelag, i Rogaland, og har vært medlem siden 1980. Foto: Privat.

Liv-Elbjørg Nordheim er leder i Sjernarøy Bygdekvinnelag, i Rogaland, og har vært medlem siden 1980. Foto: Privat.

Møt ei bygdekvinne: Liv-Elbjørg Norheim

– Bygdekvinnelaget har eg alltid trivdest i.

Kva for aktivitetar er Sjernarøy Bygdekvinnelag aktuelle med?

Me kjem til å køyre litt tradisjonelt i 2018 òg, så kjem det kanskje andre ting til etterkvart. Sjernarøydagane i slutten av juli er alletiders. Mykje arbeid, men utruleg kjekt. Me samarbeider ein del med saniteten, det går veldig greitt. Skulelunsjen er eit døme. Den er populær. Ungane gler seg veldig og dei store hjelper oss å lage til. Kyrkjekaffi har me på hausttakkegudstenesta. Presten vår er ein festleg kar, og han plar å seie at «i dag er det bygdekvinnelaget som har kyrkjekaffien, og då er det mykje godt». Beste jente og gut i 4H får sølvskei på 4H-festen frå bygdekvinnelaget og bondelaget. I desember har me basar. Noko av det som me får inn, gir me til gode føremål i bygda. Me tykkjer det er greitt å støtte lokalt.

Me er ikkje så mange, men me vert svært synlege når noko skal gjerast.

Sjernarøy en dag i mars. Foto: Nils Trygve Hauge, Facebook - Sjernarøy i bilder året rundt.

 

Kvifor er det viktig for deg å engasjere deg i lokallaget ditt?                                                   
Eg likar å vere med på forskjellig, kan nemne kor, revy og politikk. Bygdekvinnelaget har eg alltid trivdest i. Viss ingen vil engasjere seg, vert det ingenting av noko.

Kva er di finaste oppleving i bygdekvinnelaget?
Å få vere saman med alle dei trivelege folka. Me har det utruleg kjekt saman.

Kva er det finaste naboen din har gjort for deg?
Her vil eg ikkje dra fram ein einskild person. Me bur på ein liten stad og eg set stor pris på alle naboane som bur rundt meg.

Foto: Nils Trygve Hauge, Faceboook - Sjernarøy i bilder året rundt.

Kva er den mest undervurderte matretten i Noreg?
Kanskje sild?

Kva er ditt favorittuttrykk som bygdekvinne?
«Det går godt» og «Dette klarer me».

  • Leiar i Sjernarøy Bygdekvinnelag
  • Bustad: Sjernarøy, Rogaland
  • Medlem sidan: ca. 1980