Norgesmeisterskap i graut

Vil du delta på Norgesmeisterskap i graut på Dyrsku’n i Seljord laurdag 10. september 2016?

Vi ynskjer oss glade grautkokarar frå heile landet, ung og eldre, tradisjonsbærarar og dei nyskapande!

Meld deg på til årets Grautgrams her innan 15. juni 2016!

Deltakarane vil bli presentert 24. juni.

Vi feirar grauten
Graut kokt på Norges tradisjonelle kornsortar, bygg og havre, har synt seg å vera ernæringsmessig veldig bra. Graut smakar også veldig godt kokt med kjærleik og varme.

Dyrsku'n ønskjer å samle folk som liker graut; smaken, fellesskapet, tradisjonar og det å eksperimentere med nye smaker. Bli med du også! Sving grautsleiva og kok graut med oss på Dyrsku'n.

Graut er tradisjonsrikt, kvardagsleg og mangfaldig. På Dyrsku’n konkurrerast det i to kategoriar: tradisjonell graut kokt på vatn eller kokt på mjølk, eller i kategorien for festgraut/nyskapande graut der det er opent for kreativitet og utforsking.

Norgesmeister i graut blir utropt til Årets Grautgrams 2016, vinn heider og ære og meisterskapens ærerike grautspann.

Tradisjonsrikt og dagsaktuelt
”Graut og velling er av dei mest tradisjonsrike rettar i norsk matkultur, og har historisk vore ein viktig rett både i fattige kår og på festbordet. Etter år med velferdsvekst og spennande, importerte råvarer er vi no merksame att på kvardagsgrautens helsemessige effekt og internasjonale status. Vi skal ikkje lenger enn til København for å finne ein eigen grautbar, og i Skotland har det i fleire år blitt arrangert verdsmeisterskap. Det er derfor på høg tid at grautnasjonen Noreg lanserar sitt eige meisterskap”, seier prosjektleiar for Noregsmeisterskapen på Dyrsku’n, Anne Røde.

At det er Dyrsku’n som arrangerer meisterskapen er ingen tilfeldighet. Likskapen mellom dei to er påfallande. Dei er begge folkelege og tradisjonsrike, populære og dagsaktuelle. I år feirar Dyrsku’n 150-årsjubileum med å blant anna trekke fram grauten. Prosjektleiar for Dyrsku’n, Margit Nordstoga Aasan, ser fram til konkurransen. ”Vi gler oss til å sjå, smake og oppleve alle dei ulike variantane av norsk kvardagsgraut. Målsettinga er å bidra til auka kunnskap om nasjonale kornsorter og mjølkeprodukt, samstundes som vi skapar underhaldning for både deltakarar og nysgjerrige publikum.” Årets meisterskap blir det fyrste i historia, men om alt går som det skal, håper arrangøren på at meisterskapet kan bli eit fast innslag på den mangfaldige messa.

Samarbeidspartnarar
Samarbeidspartnarar i prosjektet er Norges Bygdekvinnelag, Opplysningskontoret for Meieriprodukter og Nofima.