Bygdekvinnelaget

- en moderne møteplass

Du er her

Pris til ein attraktiv kommune eller stad

Bur du på Noregs beste plass? Meld på din kommune eller staden du bur til Statens pris for attraktiv stad. Statens pris for attraktiv stad skal gå til ein kommune eller ein stad som har lukkast bli ein meir attraktiv stad å bu og leva. Frist: 12.februar!

Prisen skal visa fram gode føredøme for andre og vinnaren får ut over heider og ære ei pengegåve på 250.000 kroner. Saman med namnet på staden du meiner er Noregs mest attraktive må du sende inn ei kort skildring av staden og arbeidet som har gjort den meir attraktiv til post@kdu.no, seinast 12. februar 2012. Les meir på Distriktssenteret.

Du kan óg nominere staden din på Facebook-sida vår. Fyll ut skjemaet på Facebook-sida til Distriktssenteret, og følg med på kartet for å sjå kva for plassar som blir med i kampen.

Om du nominerer ein plass til prisen via Facebook, kan du dessutan foreslå kva for godt tiltak i lokalmiljøet ditt som skal få pengepremien på 250.000 kroner. Med andre ord kan du bidra til noko godt for heimplassen din!