Hopp til hovedinnhold

Spar pengar, søk om momskompensasjon!

Norges Bygdekvinnelag sine lokal- og fylkeslag kan no sende inn søknaden om momskompensasjon for rekneskapsåret 2015. Vi har gjort søknadsprosessen enno lettare.

Momskompensasjon er eit verkemiddel for å styrke friviljuge organisasjonar. Føremålet er å kompensere for kostnader friviljuge organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

God moglegheit for å spare pengar
I fjor søkte 191 lokallag, 15 fylkeslag og Norges Bygdekvinnelag sitt sentralledd om momskompensasjon for 2014. Norges Bygdekvinnelag oppfordrar alle lokal- og fylkeslag til å sende inn søknad.

Lag som har kostnader under 5 millioner treng ikkje godkjenning frå autorisert revisor. Noko som gjeld alle våre lag. Bygdekvinnelaget benytter forenkla søknadsmodell. Det vil seie at søknaden er basert på laget sine samla kostnader.

Søknadsskjema for Norges Bygdekvinnelag sine lokal- og fylkeslag!

Brev og søknadsskjema er også sendt til alle fylkes- og  lokallagskasserarar i posten og på e-post.

Organisasjonsnummer for ditt lag
Vi anbefalar alle lag å registrere seg i frivillighetsregisteret. Det er ein relativt enkel prosess, start gjerne her: https://www.brreg.no/lag-og-foreninger/registrering-i-frivillighetsregis...
Når du registrerer lokallag  ditt i frivillighetsregisteret får de dykkar eige organisasjonsnummer. Organisasjonsnummer er nyttig, bl.a. er det noko dei fleste bankar krev for å kunne ha bankkonto for laget.

På sikt vil det vere et krav for momskompensasjon at lokallaga er registrert i frivillighetsregisteret, men foreløpig er det tilstrekkeleg at laga tilfredsstiller krava for registrering. Vi har sett inn ei linje for organisasjonsnummer i skjemaet, men det er altså ikkje eit krav å fylle inn denne linja om laget ikkje har eige organisasjonsnummer.

Korleis går eg fram?
Fyll inn driftskostnadene (sum alle kostnader som laget har) frå fjorårets rekneskap i vedlagt skjema. Legg ved signert rekneskap for 2015 (resultatrekneskap og balanse). Send dette til Norges Bygdekvinnelag, Pb. 9358 – Grønland, 0135 Oslo eller på e-post til astrid.seime@bygdekvinnelaget.no

NB! Sidan dykk no berre skal legge ved rekneskapet er det no blitt enno lettare å søke.  

Vil du sende dette inn på e-post utan å måtte skrive det ut?

  • Lagre søknadsskjemaet på din datamaskin
  • Fyll inn alle data. Husk å skrive namnet ditt der det står signatur med ein S i parantes bak namnet. Eksempelvis: Maria Nordmann (S).
  • Legg ved søknadsskjema og rekneskap i e-posten.
  • NB! Skriv i e-posten du sender til meg at ”Eg Maria Nordmann bekrefter at eg med dette sender søknad om momskompensasjon for ………… Bygdekvinnelag”. Helsing Maria Nordmann

Frist for innsending  er 20. juni 2016!

Ta kontakt med  administrasjonen om du har spørsmål, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan.