Bygdekvinnene og Frivilligsentralen i Stryn er svært opptekne av å få kontakt med og integrere flyktningar i kommunen. Resultatet vart svært godt og alle fekk ein fin dag saman da mange kvinner var saman hos Marie Godø til baking med havre og bygg.
- På nokre av møta inviterar vi innvandra kvinner. Fader Jakob er ein song som mange kan, både på norsk og andre språk. Dette er ein veldig kjekk sak å bruka på internasjonale tiltak i laget, skriv Anne Margrethe Myhre i Sand Bygdekvinnelag, Rogaland.
Hausten 2011 samarbeidde mange lag i Orre i Rogaland og inviterte til eventyrkveld i Vikhålå. Arrangementet var vellykka og skal definitivt gjentakast, vert det sagt. Det går visstnok allereie rykte om endå fleire og nye eventyr i 2012. Noko for bygda di?
Noen av kvinnene som går på norskopplæring ble spurt om hvordan det var å flytte til Holmestrand. I slutten av november var alle kvinnene på kurset invitert til Hillestad Bygdekvinnelags adventsmøte for at alle skal bli bedre kjent med hverandre.
Bjordal Bygdeservice arrangerte den fyrste internasjonale matfesten i 2005. Vi satsar på at årets fest ikkje vert den siste. Matfesten engasjerte mange og har ein samlande effekt i bygda, seier Hilde V. Svartemyr og Kari Anne Brekke i Fuglsetfjorden Bkl.
Dagen var en positiv og lærerik opplevelse for ”læreren” og de andre fra bygdekvinnelaget som stilte opp for at dagen kunne gjennomføres. Nå har vi 23 nye kvinner og menn vi kan si ”hei” til når vi treffes på butikken. Koselig for både dem og oss!
Bygdekvinnelaget i Vestre Toten og Eina, Raufoss Rotary, Raufoss Kvinne- og Familielag, Vestre Toten kommune og Frivillig Sentralen arrangerte fellesmøte med fokus på kvinnehelse i globalt perspektiv og erfaringsutveksling om å være innvandrer/tilflytter.
Myldrekveld i Østre Toten Bygdekvinnelag i Oppland var starten da laget ønsket å få innspill til hva som kunne gjøres i forbindelse med prosjektet Bygdekvinnelaget åpner bygda. Innspill og tanker fra 24 personer er en god start!
Alle som hadde flytta til bygda i løpet av dei siste tre åra fekk tilsendt ”vaffelkort” med invitasjon til suppe og samvær frå Bjerkreim Bygdekvinnelag. Dei som kom opplevde ein flott kveld med variert program. Og nokon møtte ”kjente” frå heimlandet!
Fuglsetfjorden Bygdekvinnelag fekk støtte av Høyanger Næringsutvikling til deltaking på seminaret Med hjartet på rette staden – i nord og sør. No ynskjer laget å samarbeide med kommunen for å bidra til ei opnare, rausare og meir inkluderande bygd.