Hopp til hovedinnhold

Ville vekstar

Gauksyre, fingertare, hvitveis, ramsløk, granskudd, skvalderkål, geitrams... Vi finn dei i hagen, langs åkrar og ved sjøen,
- men korleis ser dei ut ut kva kan vi ete?

Norges Bygdekvinnelag sin råvareaksjon for 2016 til 2018 er ville vekstar. Målet med råvareaksjonen er at fleire skal bli kjende med det rike mangfaldet av av ville vekstar i den norske naturen. Å hauste av dei lokale ressursane er positivt for miljøet, og aukar nærleiken til naturen kring oss.

Aktivitetstips
Har ditt lokallag lyst til å ha aktivitetar knytta til råvareaksjonen?

Kva med å:

  • Arranger kunnskapskveldar om ville vekster: ”Kva er spiselig i fjæra?”, ”Ein soppekspert fortel”
  • Inviter til sanketur saman med ein kursholdar som veit kva som er spiselige ville vekstar.

  • Tapaskveld med eigne rettar fra naturen med utveksling av oppskrifter.

Sjekk ut vår flyer med alle aktivitetartipsa!

Vill mat
Bygdekvinnelaget har vore så heldige å få samarbeide med to av forfattarane av boka "Fra naturens spiskammer", Nina Hensley og Anne Mæhlum. Dei to matentusiastane har latt oss få bruke delar av den fantastiske bok til å lage vårt eige hefte med matoppskrifter. Har ditt lokallag lyst til å bruke heftet i samband med kurs eller verving kan du bestille det hjå Bygdekvinnelaget på e-post: post@bygdekvinnelaget.no

Utdrag frå boka "Fra naturens spiskammer"

Boka "Fra naturens spiskammer" er ei inspirasjonsbok og kokebok om å ta turen ut og nyte alt det naturen har å by på av ville vekstar, bær og sopp. Boka presenterar 54 spiselege vekstar du finn her i landet. Den syner korleis du kan bruke dei ulike vekstane i ein matrett, som krydder eller berre som garnityr. Bygdekvinnelaget sine medlemmar kan kjøpe boka for kr 350,-. Send SMS med kodeord SPISKAMMER til 2030.

Norges Bygdekvinnelag har lange mattradisjonar og bruken av ville vekstar kan knyttast til alt frå kultur, historie, miljø og bærekraft. Mange eldre medlemmar har dessutan stor kunnskap om bruk av ville vekstar både til mat.

Skap ein møteplass med ville vekstar
Auka interesse for ville vekstar vil også kunne bidra til auka interesse for å ta vare på kulturlandskapet, lokalhistorie og ikkje minst å kome seg ut på tur. Å kome seg ut på tur og bruke den nære naturen er viktig for folkehelsa. Råvareaksjonen ville vekstar kan skape ei fin kobling mellom eldre og yngre medlemmar, og verkeleg gje innhald til organisasjonen sitt mål om å vere ein møteplass på tvers av generasjonar.