Foto: Brita D. Bjørke

Årsmøte 9.mai

 

Invitasjon til utsett årsmøte som vert

laurdag 9.mai 2020

på nett-plassen ZOOM

 

Årsmøtet startar kl.10.00 og me held på til ca 14.00.

*Årsmøtesakene er dei same som var sende ut med årsmøtepapira og årsmeldinga.

*Fylkesstyret i Hordaland Bygdekvinnelag ynskjer velkomne dei som har meldt seg på årsmøtet. Det vert opna opp for at dei laga som ikkje har meldt seg, kan melda seg på innan 30.april til asa.gunnarsdottir@ulvik.org eller til brita.d.bjorke@gmail.com

*Dette årsmøte vil setja krav til at alle deltakarane har tilgang på datamaskin eller nettbrett, helst med kamera.

*De vil få sendt oppskrift for pålogginga og me vil ha øvingar på å kobla dykk på møteplassen i forkant av årsmøtet.

*Om delegat eller vara ikkje kan delta personleg, kan dei gje fullmakt til anna medlem frå sitt lokallag. Fullmakta må sendast innan 30.april til fylkesleiar Àsa Gunnarsdottir, asa.gunnarsdottir@ulvik.org  .

 

Velkomne til eit annleis årsmøte, servering må de syta for sjølve og registrering og innsjekk er gratis for alle deltakarane J

 

For styret i Hordaland Bygdekvinnelag

Àsa Gunnarsdottir, leiar.

 

Bli medlem