Hyggjestund på Valldal Fjordhotell.
Hyggjestund på Valldal Fjordhotell.
Vergudane spelte ikkje på lag, men ingen sure miner!
Vergudane spelte ikkje på lag, men ingen sure miner!
Blide damer i velkomstkomiteen på Murilåven fredagskvelden.
Blide damer i velkomstkomiteen på Murilåven fredagskvelden.
Fint og koseleg pådekka, men litt kjøleg vart det utover kvelden.
Fint og koseleg pådekka, men litt kjøleg vart det utover kvelden.
Anne Merete serverte nydeleg elggryte, potetstappe og salat,- panakotta til dessert.
Anne Merete serverte nydeleg elggryte, potetstappe og salat,- panakotta til dessert.
Nydeleg haustpynt på borda!
Nydeleg haustpynt på borda!
Her er yogadamene klare til innsats i Meretes Garden  kl.9  laurdagsmorgonen.en.en.en.
Her er yogadamene klare til innsats i Meretes Garden kl.9 laurdagsmorgonen.en.
Ana Maria Valdal, Karianne Vikene og Sten Even Holstad underheldt med sang og musikk.
Ana Maria Valdal, Karianne Vikene og Sten Even Holstad underheldt med sang og musikk.
Dyktige leiarar,- Bjørg og Solveig, ynskte velkomen og var programleiarar.
Dyktige leiarar,- Bjørg og Solveig, ynskte velkomen og var programleiarar.
Ordførar Arne Sandnes ynskte velkomen til kommunen .
Ordførar Arne Sandnes ynskte velkomen til kommunen .
Katrin Blomvik, direktør i Verdsarvstiftinga, med engasjert formidling om verdsarvområdet vårt.
Katrin Blomvik, direktør i Verdsarvstiftinga, med engasjert formidling om verdsarvområdet vårt.
Marie Aaslie organisasjonkonsulent i Nbk, rosa alle lokallaga for innsats i lokalmiljøet.
Marie Aaslie organisasjonkonsulent i Nbk, rosa alle lokallaga for innsats i lokalmiljøet.
Monika Frisvold Vågan, leiar i fylkeslaget,  og resten av styret.
Monika Frisvold Vågan, leiar i fylkeslaget, og resten av styret.
Lunchen var sjølvsagt sunn, - Mettes byggrynssalat med brød, agurk og tomat.
Lunchen var sjølvsagt sunn, - Mettes byggrynssalat med brød, agurk og tomat.
Viktig med loddsal,- mange flotte gevinstar !
Viktig med loddsal,- mange flotte gevinstar !
Arne Sandnes med innlegg om verdsarv og om aktivt liv i bygdene våre,- skapte diskusjon !
Arne Sandnes med innlegg om verdsarv og om aktivt liv i bygdene våre,- skapte diskusjon !
Klare til festmiddag på Valldal Fjordhotell.
Klare til festmiddag på Valldal Fjordhotell.
Flotte damer !
Flotte damer !
Klare for middagen !
Klare for middagen !
Her er kaffien komen på bordet.
Her er kaffien komen på bordet.
Eva Hilde Lingaas var morosam kåsør, fekk til og med selt nokre bøker !
Eva Hilde Lingaas var morosam kåsør, fekk til og med selt nokre bøker !
Middagen smakte himmelsk, nydeleg kalvekjøt med velsmakandes tilbehør.
Middagen smakte himmelsk, nydeleg kalvekjøt med velsmakandes tilbehør.
Sten Even Holstad underheldt med nydeleg sang og gitarspel,- her med improvisert kor !
Sten Even Holstad underheldt med nydeleg sang og gitarspel,- her med improvisert kor !
Ein god latter,- Liv Randi Bjørlykke kåserte søndag om Strikk og sy og litt til !
Ein god latter,- Liv Randi Bjørlykke kåserte søndag om Strikk og sy og litt til !
Liv Randi får Seterboka som takk for innsatsen.
Liv Randi får Seterboka som takk for innsatsen.
Stor takk til kokkar og servitørar,- nydeleg mat og god service.
Stor takk til kokkar og servitørar,- nydeleg mat og god service.
Tid for heimreise,- Valldal bygdekvinnelag fekk lovord om eit svært godt arrangement.- Særleg styret og aktivitetsgruppa gjorde kjempeinnsats!
Tid for heimreise,- Valldal bygdekvinnelag fekk lovord om eit svært godt arrangement. - Særleg styret og aktivitetsgruppa gjorde kjempeinnsats!

Inspirasjon og samråding i Valldal !

Øsande, pøsende regn, men bygdekvinnene kom til Valldal likevel. Det vart overnatting på hytter og hotell. - Underhaldning, nyttig lærdom ,diskusjon,sosialt samvær og mykje god mat. - Veldig kjekt og mykje ros til Valldal Bygdekvinnelag!

 

Fredag 13.09    - Første møteplass var Murilåven hos Anne Merete Øybrekken  og Per Åge Sunde. Der var det middag kl 19.00, og omlag 60-70 damer var på plass der.  Det var koseleg på dekka , og vi fekk nydeleg mat.- Underhaldning vart det av Marianne Skuggerud på trekkspel, og dessutan hadde Nelly laga ein utfordrande quiz som verkeleg sette oss på prøve.

Laurdag 14.09.

Kl 09.00 - Nokre damer reiste til Meretes Garden på yoga, andre gjekk Betringes veg og rusletur i sentrum.

Kl. 11.00 starta programmet på Martin Lingehuset. - Solveig ønskte velkommen: - Vi leve livet lokalt!  -Ta vare på kulturarven vår!

Ordførar Arne Sandnes ønskte velkommen til kommunen, -  fortalde og viste bilde av attraksjonar, natur og kobla til historie.

Temaet for seminaret vårt var Verdsarv. Norddal kommune er verdsarv kommune og Nbk har verdsarvstatus . 
Katrin Blomvik,direktør for Verdsarvstiftinga Geirangerfjorden heldt engasjernde foredrag om emnet.

Kl 13.00 - Matpause med byggrynssalat, brød,tomat og agurk.

Marie Aaslie organisasjonskonsulent i NBK, rosa laga for aktivitet og også fylkeslaget som la til rette for tiltak som Samrådingsmøtet. - Satsingsområde :kvinner ut, bygg, Hjelp til Guatemala
Verving: møre og Romsdal einaste fylket som hadde auke i medlemstall.
Medlemskontingenten uendra.
Medlemsbladet skal heretter sendast med Posten.
Nytt prosjekt: snu flyttestraumen frå bygdene.
Minte om Inspirasjonsseminar i Trondheim.

Neste talar var fylkesleiar Monika Frisvold Vågan. Ho fekk også resten av styret fram på scena og presenterte dei.
Ønskte velkommen til medlemar frå Hornindal som no blir med i fylket vårt
Medlemar i M&R fylke er  591
Årsmøtet vedtok å lage ein adventskalender for å betre økonomien til fylkeslaget. - gevinster frå lokallag og næringsliv. Lokallaga skal selje desse. 
Monika meinte at Bygdekvinnelaga må  vere fornøgde med det dei greier å gjere, kan ikkje gjere alt.
Lokallagssending, - mange idear til kva vi vil jobbe med framover??
Kommunikasjon er viktig, sa Nonika, hugs å svare på epostane, meldingane du får !
Skolemat: søkt om pengar, fått 10000kr frå Sp Møre
Gjere prøveprosjekt

Gunvor Dyvik Friisvold ,representant i Studeforbundet næring og samfunn. Blir endring av dette.-  Hugs å registr kurs for øk støtte.

Siste post på programmet på Martin Lingehuset var Arne Sandnes som skulle snakke meir om verdsarv. Han fortalde om kvifor Geirangerfjorden fekk verdarvstatus,og kva som må gjerast for å ikkje øydelegge det unike med busetnad og arbeidsliv rundt fjorden. Kva er utfordringane med masseturismen?
Dette førte til diskusjon, og det kom også ulike innspel som Monika vil ta med i arbeidet med planlegging av arbeidet i laget.

Slutt ca 16.30. då vart det ein kort pause før festkvelden på hotellet!

Kl 19.00 - Klare for festmiddag! Borda stod flotte og klare, Gitaristen vår Sten Even Holstad spela , Solveig ynskte velkomen til bords!

Festtalar var Eva Hilde Lingaas,- det var mange som kjende seg igjen i hennar betraktningar av kvinnelivet.

Maten var treretters og vart avslutta med kaffi og brownies,is og bær,- nydeleg !

Gitaristen Sten Even Holstad  fekk også til eit improvisert kor og fekk heile gjengen med på allsong. Det skapte stemning!

- Søndag 15.09  vart det tur til Linge for å kjøpe frukt for dei som ønskte det, bassenget på Muritunet var klart kl 9.00 for dei som ville trimme litt. Elles kosa folk seg med turgåing, prat, strikking på hotellet.

Kl 11.00 kom Liv Randi Bjørlykke og heldt kåseri om Strikk og sy og litt til ! Ho fekk verkeleg latterdøra opp for fullt !

Så var det klart for trekking av lotteriet ! Der var utruleg mange  flotte gevinstar, det vart selt mykje lodd,- og Nelly og Bjørg  hadde full kontroll på trekking og gevinstar! - Var ein heldig vart det eplekasse, potetsekk, saft eller syltetøy, strikka sokkar eller garn og oppskrift, sminkeprodukt og m.m.m.- 

Programmet vart avslutta med Lunch på hotellet. God, varm suppe med brød til smakte godt før heimturen i ruskeveret.  Vel heim til alle !

Bli medlem