Be inn laget, og lag ein krans ute!

Korona og Bygdekvinner!

I 2020 har vi hatt eit rart år, og meir enn nokon gong ser ein kor viktig det er med kreativitet og engasjement!

Det er stor skilnad frå kommune til kommune.

I heimkommunen min, Nord-Fron, har det vore smitte i "heile" haust. Noko som har gjort at mykje har vore avlyst. Saniteten gjekk tidleg ut og sa at alle medlemsmøter var avlyst ut året, Husflidslaget prøvde seg på nokre kveldar på huset deira,men måtte stengje i oktober. Lokallaget mitt prøvde seg på årsmøte to gonger,før det vart digitalt. 

Mens i andre kommuner har det vore betre. Der har det vore møter i store rom, og ein har fått gjennomført årsmøte som fysiske møter,og det er bra!!

Mange lokallag har vore ute og gått tur, og det er så bra! Da har ein hatt ein god meter, og vore ute,noko som føles trygt for dei fleste.

 

Treng ein idear til kva ein kan finne på i denne tida, så anbefalar eg Facebook sidane til dei ulike laga. Du treng ikkje vera medlem på Facebook for å sjå mange av sidane, da desse er offentlege, og alle kan gå inn og sjå. 

I advent tida kan ein invitere til bålpannekos ute, eller ein gå tur. Kanskje mange benyttar den fine månen som er ute no til måneskinnstur? 

Og hugs. Om nokre månader kan vi attende til "normalen". Der vi kan møtes i mindre lokaler att, og vera saman inne. 

 

Til da. Ta vare. Det blir bra!!

 

Borgny 

Bli medlem