Historia vår frå starten og til 1994

Odda Bondekvinnelag frå 1948 til 1994

Odda Bygdekvinnelag vart stifta hausten 1948. Laget hadde sitt fyrste styremøte på Hildal 2. februar 1949 under namnet Hildal Bondekvinnelag. Frå starten var det medlemmer frå mest alle gardar og grender kring sentrum av Odda. Namnet vart endra til Odda Bondekvinnelag på årsmøtet i januar 1957. I 1953 var medlemstalet 35. I mange år låg medlemstalet mellom 15 og 20. Dei fyrste åra hadde laget møtene heime hos medlemmer. Seinare føregjekk møtene på meieriet, då det ikkje var husrom stort nok i alle heimane dersom laget skulle vekse. I 1964 vart meieriet oppteken av andre, og møta vart igjen lagt til heimane. "Me song og strikka til det leid så langt at med måtte tenkja på å koma heim kvar til seg". For dei fleste heim til spannavask og fjøsstell. Møta gjekk føre seg på dagtid, og det var andakt og utlodning. Kvar og ein hadde med seg nistepakke, og vertinna diska oftast opp med fruktsalat og krem. På juetrefestar og andre festlege høve var det tradisjon med graut. "God vetlegraut servert i vakre ambarar", kan ein lese i eit referat. I historia til Odda Bondekvinnelag må ein spesielt nemna lagsavisa "Tiltak". Ho vart jamnt skrive i avisa, litt sitat frå andre kjelder, men det mesta var sjølvprodusert. Avisskrivinga gjekk på omgang mellom medlemma, og innhaldet vart opplese på møtene. Her er mange godbitar for den som måtte vera glad i godt lesestoff. Reiselysta i laget har alltid vore stor, og kanskje aller størst i starten. Sommaren 1949, året etter at laget var stifta, vart det arrangert ein to-dagars tur til Telemark. Dei overnatta på Morgedal Turisthotell. "Det var riktig fine rom med elektrisk ljos og vatn, og ikkje til å snakka om gode senger". Laget hadde privat sjåfør på denne turen, og framkomsmidlet var lastebil.

14. juni 1953 hadde laget tur til Eidfjord der bondekvinnene i Indre Hardanger hadde stemne. I 1954 hadde Hardanger krins av bondekvinnelag stemne i Ulvik, der det møtte kring 200 deltakarar. I 1955 vart denne stemna arrangert i Odda. "Toget var eit vakkert syn, det såg eg i speilglasrutene då me gjekk gjennom gatene".

Reisemåla har sjølvsagt skifta opp gjennom åra, det same har reisemåten. Medlemmane har reist med bil pg båt, til lands og til vanns, men også til fots. i 1958 tok dei apostlanes hestar fatt og hadde seg ein søndagstur til Jordalstølen. Andre nære turmål har vore Hildalstølen, Reinsnos og Isberg- Eller lengre avgarde, saman med Odda Bondelag til Hønefoss i 1952, der Norges Bondelag hadde stemne. Tur til Sauda i 1960, til Voss i 1964, ein annan gong til Haugesund eller kanskje til Bergen. Nesten kvart år har laget skipa til eon tur for medlemmane.

I perioden 1952 - 1959 arrangerte laget årvisst juketrefestar, stundom i skulehuset på Jordal, men som oftast i skulen på Hildal. Kommentar etter festen i 1953: " Er ikkje bondekvinnelaget med og arbeider for likestilling for kvinner og menn? Tykkjer dei ikkje at kvinnene bør koma meir med i styre og stell? Korleis har det seg då at når bondekvinnelaget har ein stakkars juletrefest, lyt dei få ein mann til å leia han? Ja, eg berre spørr". - Året etter var det formannen i bondekvinnelaget som leia juletrefesten.

Odda Bondekvinnelag si samkjensle med dei andre lokale bondekvinnelaga i distriktet har vore god. Laget har i alle år bede til seg medlemmer i eitt eller fleire lag, eller ein har sjølv vore på gjesting, ein gong kanskje på eit adventsmøte, ein annan gong på eit jubileum.

Odda Bondekvinnelag har alltid vore godt representert på samrådingsmøte, fylkesårsmøte og andre samkome arrangert av Hordaland Bondekvinnelag.

Ei av dei større sakene som Odda Bondekvinnelag har teke fatt på er anskaffing av brurebunad, fyrst kvinnebunad, og seinare mannsbunad. Kvinnebunaden var fyrste gong i bruk nyttårsafta 1961. I årsmeldinga for 1967 kan ein lesa: "Brudgomsbunaden er vorten ferdig i år" Brurebunadane var eit tungt økonomisk løft, og her har også Odda Husflidslag og Skare Bondekvinnelag vore med.

Gjevargleda har vore stor. I laget sine fyrste år hadde ein ofte utlodningar på medlemsmøta der heile inntekta gjekk til eit bestemt føremål. På "Bondekvinnenes dag" gjekk t.d. alt ein fekk inn til Bondekvinnenes Nybrottsfond, det som seinare vart til Hjelpefondet. Ein kan nemne at i 1951, kontingenten var den gongen kr 2,50, fekk ein på utlodning på eit vanleg inn kr 72 til kreftsaka. På ein annan utlodning same året gjekk alt ein fekk inn til fane til Odda Bondelag.

Laget tok også på seg sin del av det praktiske vedkomande fana. Medlemmer frå Odda Bondekvinnelag har brodert Odda Bondelag si fane, der kornbanda er hovudmotivet.

Odda Bondekvinnelag har gjeve gåver til kyrkja i Odda, teppe under brurestolane, alterduk og messehakel. Likeeins har laget gjeve dåpskanne til kyrkja i Tyssedal.

Det var stor optimisme i laget dei fyrste åra. I 1953 var t.d. medlemstalet 35, og "frammøtet var svært bra", står det jamnast å lesa i møtereferat. "Så tok me ei ykt i husmorgymnastikk, og jammen var det mange som var mjuke og leduge". Laget  hadde lesering og studiering. I 1962 har laget teikna ei kollektiv ulykkesforsikring, der 13 av medlemmane er med.

Men så går det gradvis galne vegen. I 1976 er talet på medlemmer gått ned til 18 pluss 6 støttemedlemmer. I 1978: "Medlemstalet minkar. Sjukdom og alder er to grunnar, den tredje er at ingen nye kjem til." Lagsavisa Tiltak og skrivinga i den vart det slutt på i byrjinga av 60-åra.

Dei som no var medlemmar i Odda Bondekvinnelag hadde vore med frå starten av. Dei tok til å dra på åra. Dei kjende seg trøytte og utbrende. Dei ville ha avløysing. Det fekk dei. Laget gjorde ein innsats for å få med dei yngre bondekvinnene, alle på ein gong. Det lukkast. Dette var i 1980.

Etter den tid har laget hatt mellom 15 og 20 medlemmar, og fast møtestad har vore Eldresenteret på Gamle Yrkesskulen i Odda. Namnet skjemmer ingen, lyst, romsleg og teneleg lokale. Odda kommune er eigar og Odda Bondekvinnelag slepp å betale husleige.

Møta har vore på kveldstid, kl 19:00, den fyrste tysdageni månaden. På kvart møte har to av medlemmane vore vertinner. Desse to har hatt ansvaret for kaffekoking og matservering, for gevinstar og utlodning, for underhaldning og for faglege innslag.

Tida etter 1980 kan ein kalla den andre epoken til Odda Bygdkvinnelag. I dette tidsrommet har ein ofte hatt gjesting på møta. Desse gjestene har så opptredd for oss på ymse vis. Nokon har kåsert og fortalt for oss, nokon har hatt med seg eit musikkinstrument og spelt og kanskje sunge litt, medan andre har hatt filmframvisar og synt oss ljosbilete.

På møta har ein hatt vitjing av fagfolk som har orientert og informert oss om saker frå sitt spesialfelt. Ein kan nemna:

- Saker som direkte vedkjem kroppen vår som: sunt kosthald, fotterapi, akupunktur og soneterapi.

- Saker som direkte vedkjem oss sjølve: Demonstrasjon og sal av vaskemiddel, ostedemonstrasjon, sal av klede frå Island og farer i landbruket.

- Saker som vedkjem miljøet rundt oss: Blomsteroppsetting, juledekorasjonar, stauder og prydbuskar.

- Saker av kulturell art: Kultur kva er det, Utviklinga for samfunnsliv frå dei eldste former fram til vår tid, registrering av stadnamn, brigding (fletting) av sokkeband.

- Saker med fagleg karakter: Sauen sjukdom og stell og mjølk og mjølkeprodukt.

Laget har dei fleste åra i nyare tidhatt brevring eller studiering. Emna har famna om både det teoretiske og det praktiske. Det har tildels vore tungt å få starta ein studiering. Kvar og ein er oppteken med sitt. Men dei fleste later til å finna seg vel tilrette når ein fyrst er komen igong med arbeidset.

Odda Bondelag har etter det ein har klart å finne ut hatt desse studieringane:

1954: Garden som heim, studiering
1958: Kristin Lavransdotter, lesaring
1976: Riktig bruk av grønsaker, brevring
1978: Jus for alle, brevring
1979: Sigrid Toresdatter fra Bjarkøy, brevring
1980: Godt matvett, brevring
1981: Saum av hydnatrøye, studiering m/lærar
1982: Organisasjonen vår, studiering
1984: Årets rytme, studiering
1985: Vevkurs, i skulehuset på Digranes, studiering m/lærar
1986: Eigarskifte i landbruket, brevring
1988: For dagene er onde, studiering
1990: Lappeteknikk, studiering m/lærar
1992: Nissekurs, studiering m/lærar

Dessuten har ein på medlemsmøte, tidleg på 90-talet, gått gjennom "Bondekvinners rettigheter i EF", Sjølvtillitskurs og kjenn dine rettigheter. I samband med Kjenn dine rettigheter var ein representant frå Odda Trygdekontor med oss på eit møte for å informera og svare på spørsmål.

Inntektene til laget har for ein stor del kome frå utlodningane på medlemsmøta.  Men ein har og hatt lynlotteri, "Markens Grøde" i gågata hausten 1985. Og i 1987, 1990 og 1993 har ein hatt basarar på Domus.

Odda Bondekvinnelag har ved ulike høve teke på seg baking, matlaging og servering. Under Odda-marsjen i 1981 og Odda-dugnaden i 1983 hadde laget matstasjon på Hildal, "-der ein kunne få kjøpa seg mat for ein rimeleg penge",  for å sitera ei lokalavis. "320 koppar kaffi", kan ein lesa i ei anna avis.

Under Odda Mållag sitt årsmøte i Odda i 1987 var laget med på matstellet i Oddahallen dagane 30. juli - 2. august.

I 1988 var Odda kommune 75 år. Laget stilte då opp i Hovden under markeringa av gamletida med karding og spinning, krotakakebaking, kyr og handmjølking.

I november 1992 hadde laget ansvar for mat og underhaldning på eit mæte på Soknehuset, der ein m-a- framførte ein skjetsj "Visa hennar Staslin".

Under Odda-dugnaden i 1981 tok for fyrste gong medlemmar i Odda Bondekvinnelag sete i sentrum av Odda for å syne krotakakebaking. Den mobile ovnen var laga til dette høvet, og staden var Steinparken framfor Rådhuset.
Medlemmane i laget bakte eplekake som vart servert som smaksprøve under fruktfestivalen i Odda hausten 1990. Likeeins bakte medlemmane eplekake som vart utdelt som smaksprøve under "Markedsføring av Hardanger" i Oslo i januar 1993. 

Laget har vore med på baking og sal av krotakaker på Landbrukets dag i Almerkeparken i Odda i 1992, 1993 og 1994.Odda Bondekvinnelag og Skare Bondekvinnelag har vore ilag om denne delen av arrangementet. Medlemmane i laget har på førehand bakt opp for sal, samstundes med at ein på staden har bakt og selt krotakaker. Stor etterspurnad. "3 000 krotakaker, - eit lager som forsvann på 3 timar", kan ein lesa i lokalavisa 28. juni 1993.

Gjevargleda er stor. Odda Bondekvinnelag har opp gjennom åra gjeve økonomisk stønad til utallige humanitære organisasjonar og føremål. Av konkrete saker kan nemnast; Stønad til gardbrukar som har fått rundballar øydelagt ved hærverk i 1986. Trygghetsalarm til eldre og uføre i 1992. Stereoanlegg på REhbiliteringsavdelinga på Odda Sjukeheim i 1994.

Odda Bondekvinnelag er no i 1994 medlem i Radio Folgefonn og Odda Industristadmuseum. Laget betaler årskontingent til desse to laga.

I 1987 arrangerte Odda Bondekvinnelag saman med Skare Bondekvinnelag og Røldal Bondekvinnelag Hordaland Bondekvinnelag sitt fylkesårsmøte. Eit vellukka arrangement. "Gjevande og rikt" kan ein lesai referatet til Odda Bondekvinnelag "der ei rose av rosen burde gå til formannen vår".

Desse har vore formann i Odda Bygdkvinnelag:

1948-1950: Inga Hildal
1951:          Ingebjørg Oppheim
1952-1954: Torbjørg Sjurstræ
1955-1957: Jette Jordal
1958-1961: Sigrid Hereid
1962-1970: Anna Sundvor
1971-1980: Anna Sandvin
1981:          Kari Hildal
1982-1983: Marit Severinsen
1984-1987: Begljot Stana
1988-1990: Anny Sandvin
1991-1992: Henrikke Sveinsgjerd
1993-1994: Brit Hildal

Dette samandraget er skrive i januar 1995.

Kjelda har i det alt vesentlege vore møtebøkene til Odda Bondekvinnelag.

Historia er skriven av Gjertrud Sandvin
Medlem i Odda Bondekvinnelag

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Historia vår
Bli medlem